NRK Meny
Kronikk

I den libyske hengemyra

IS har fått tak i sitt første stabile område utanfor Syria og Irak. Dersom fleire lokale jihadistiske grupper sluttar seg til dei, kan det gi IS ein inngangsport til Afrika.

EI militsgruppe i Derna, Libya, køyrer med IS-flagg

Militsgruppa 'Ungdomsrådet' i den libyske byen Derna har lova truskap til IS. 'Det gir IS reell kontakt med den libyske hengemyra', skriv kronikkforfattaren. Biletet er frå då gruppa køyrde gjennom Derna med IS-flagg, 3. oktober.

Foto: Reuters

Nyleg blei det kjent at ei jihadistisk gruppe i Libya hadde slutta seg til IS. Dermed fekk dei sitt første stabile område utanfor Syria og Irak.

Det er snakk om ein liten kystby, Derna, med rundt 80.000 innbyggarar aust i Libya, mellom Benghazi og den egyptiske grensa. Under borgarkrigen i 2011 tok ein konservativ islamistisk milits styringa med byen, som alt var kjent for å vere religiøst konservativ. Denne militsen hadde sitt utspring i ein islamsk opposisjon mot Gaddafi på 1990-talet, kalla «Libyas islamske kampgruppe». Dei hadde den gong hatt kontakt med Al Qaida, men libyarane ville slåst mot Gaddafi, ikkje USA, så dei braut raskt med Osama bin Laden for å styre sin eigen kamp.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Libyske soldatar i Syria?

Under opprøret i 2011 kom aktivistar frå denne gruppa tilbake til Aust-Libya, og fekk snart kontroll over Derna og området rundt. Dei oppretta eldreråd og andre institusjonar, og har etter den tid bygd opp sitt islamske lokalsamfunn, relativt uforstyrra av stridane rundt i landet elles.

Det skal ha vore IS-folk på besøk, og kanskje også libyiske soldatar på trening i Irak og Syria.

Knut S. Vikør, professor i historie

Men også her oppstod det ulike retningar mellom dei som styrte byen. Det er ei av desse, kalla «Ungdomsrådet» (eller ei grein av det), som har erklært truskap til IS. Det ser også ut til at denne greina har kontroll over Derna nå. Det skal ha vore IS-folk på besøk, og kanskje også libyske soldatar på trening i Irak og Syria.

LES OGSÅ: Støre leia hemmelege Gaddafi-forhandlingar

Islamisme spelar ei større rolle

Libya har vore i kaos sidan Gaddafi-regimet fall for tre år sidan, med flystøtte frå NATO. I denne perioden har landet i stor grad falle frå kvarandre i små område. Militsgrupper som stod saman i striden mot Gaddafi vart rivalar i ein bitter maktkamp. Det dreia seg mest om strid mellom byar og stammar, meir enn ideologi, med fleire hundre små lokale grupper som forsvarte sin by eller område. Dei to største kom frå byane Misurata og Zintan, begge i Vest-Libya.

Men det siste året har religion og islamisme spelt ei større rolle, på to ulike måtar. Det dukka opp nokre nye, radikale salafist-grupper som fokuserte på den globale kampen mot USA. Ansar al-Sharia er den mest kjente av desse gruppene. Dei har hovudbasis i storbyen Benghazi, den største byen i Aust-Libya, og dei kjempar mot ein milits leia av ein eksgeneral, Khalifa Haftar.

To regjeringar

Parallelt med dette var det personstrid i hovudstaden Tripoli mellom ei gruppe politikarar, mellom dei også nokre frå Det muslimske brorskapet og ei gruppe som da vart rekna som «liberale». Kvar gruppe søkte til kvar sin milits: den første til Misurata-militsen, den andre til Zintan-militsen. I sommar var det nyval, og den gruppa der Brorskapet deltok gjekk sterkt tilbake. Men deira allierte, Misurata-militsen, tok kontroll over Tripoli.

Militsgrupper som stod saman i striden mot Gaddafi vart rivalar i ein bitter maktkamp.

Knut S. Vikør, professor i historie

Fleirtalet i det nyvalde parlamentet flykta derfor frå byen, og slo seg ned i småbyen Tobruk, heilt på grensa til Egypt, med støtte frå general Haftar. Mindretalet vart verande i Tripoli og oppretta igjen det gamle parlamentet. No finst det to regjeringar – verdssamfunnet anerkjenner den siste valde i Tobruk, mens statsorgana framleis er under Tripolis kontroll.

LES OGSÅ: – Hadde det betre under Gaddafi

Farleg

Likevel, reell makt ligg ikkje hos nokon av regjeringane, men hos dei lokale militsane. Når «Ungdomsrådet» no har slutta seg til «kalifatet», gir det IS reell kontakt med den libyske hengemyra.

Militært på bakken i Libya har det ikkje så mykje å seie, sidan det ikkje er desse som står oppe i stridane i landet, korkje i Tripoli eller Benghazi. Målet til IS er å nå fram til dei større jihadistiske gruppene i landet, og da spesielt Ansar

Det kan bety at IS også begynner å orientere seg meir i global retning, noko som ikkje er godt nytt.

Knut S. Vikør, professor i historie

al-Sharia, som langt på veg kontrollerer storbyen Benghazi. Dei har til nå ikkje slutta seg til korkje IS eller deira jihadist-rivalar Al Qaida, men kan bli freista til også slutte opp om IS, spesielt dersom IS har noko å tilby dei. Det kan likevel vere farleg for dei, sidan verdssamfunnet da vil komme til å interessere seg langt meir for det som skjer i Benghazi og Libya.

Global retning

I tillegg kan denne utviklinga bety auka rivalisering mellom jihadistane, Al Qaida med sitt globale mål, og IS som har fokusert lokalt på Syria og Irak. IS fekk først liten oppslutning til sitt «kalifat» hos andre jihadistar, berre frå eit par små utbrytargrupper frå Al Qaida i Algerie og Jemen. Med Derna har dei fått sitt første etablerte og stabile område utanfor Irak og Syria.

At den mest aktive jihadist-gruppa i Egypt, Ansar Bayt al-Maqdis, også nå skal ha slutta seg til, gjer at IS får fleire bein å stå på. Det kan derfor bety at dei også begynner å orientere seg meir i global retning, noko som ikkje er godt nytt.