Forfattaren Roberto Saviano har politivakt 24 timar i døgnet.
Foto: Store Studio / NRKNicola Schiavone (32) vart pågripen i eit luksuriøst hus i Casal di Principe litt sør for Napoli, der Casalesi-klanen har sitt hovudsete. Nicola er sonen til den tidlegare sjefen, Fransesco «Sandokan» Schiavone, som vart arrestert i Casal di Principe i 1998.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Dyrka målarkunsten
Både far og son skal vere pasjonerte målarar, og i bunkersliknande villaen sin hadde junior eit stort atelier der han har dyrka hobbyen sin medan han har vore på flukt frå politiet. Kjelder i politiet seier han stort sett skal ha måla landskapsbilete og bilete av kvinner.
Senior skal i hovudsak konsentrert seg om sjølvportrett.
Arrestasjonen i dag skjedde utan dramatikk.
Fransesco Schiavone står sentralt i boka «Gomorra» av Roberto Saviano, ei bok som fortel den nakne og brutale sanninga om La Camorra. Det er også laga film av boka, og forfattaren står på mafiaen si dødsliste.
Savione lever med politivakt 24 timar i døgnet både når han er i Italia eller oppheld seg i utlandet.
Politiet trur NIcola Schiavone har teke over som øvste sjef for familieklanen etter at faren vart arrestert. Han er den eldste i ein syskjenflokk på sju, og politiet hadde ikkje noko på han før i januar i år. Då vart han sikta for å ha prøvd å kvitvaske svarte pengar under falskt namn.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
På flukt
Han har halde seg i skjul for politiet sidan januar.
Italiensk politi trur Fransesco Schiavone, trass i at han har vore bak murane i 12 år, framleis styrer mykje av det som går føre seg i Casalesi-klanen frå fengselet.
Sjefsaktor for mafiasaker i Italia, Pietro Grasso, har gratulert Napoli-politiet med det han kallar ein vellukka aksjon som har råka Casalesi-klanen og La Camorra rett i hjartet.
Casalesi-klanen blir rekna som den mektigaste og mest brutale i den napolitanske mafiaen. Klanen blir blant anna skulda for nyleg å ha teke livet av fire medlemer av ein konkurrerande familieklan.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: