Hopp til innhold

Narko-topp arrestert i Madrid

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet i Madrid har arrestert ein italiensk mafia-topp, som er mistenkt for å vere bindeleddet mellom søramerikanske narkotikakartell og europeiske mafiagrupper.

58 år gamle Pasquale Locatelli, også kjend under kallenamnet Madrid-Mario, har vore gjenstand for etterforsking sidan 2005, då italiensk politi oppdaga at Camorra-mafiaen i Napoli-området deltok aktivt ii smugling av blant kokain til Europa.

Politiet mistenkjer Locatelli for å vere bindeleddet mellom fleire søramerikanske naroktikakartell og ulike mafiagrupper i Italia og på Balkan. Han vart arrestert i Spania to gonger i 2006, men måtte setjast fri av formelle årsaker.

Sidan har han vore på frifot, men har dei siste åra vore ettersøkt av både italiensk og spansk politi. Han vart pågripen etter at italiensk politi arresterte sonen hans på flyplassen i Bergamo i Nord-Italia.

Den siste tida har politiet greidd å overvake kommunikasjonen mellom Locatelli og familien hans, og i dag tidleg slo dei til mot tilhandsstaden hans i Madrid.

Pasquale Locatelli er frå Bergamo i Nord-Italia, men har nære band til Mazzarella-klanen, ein av dei mektigaste familieklanane i La Camorra.

LES OGSÅ: Nonnekloster var narko-reir

LES OGSÅ: Mafiaen ville sikre frukt-monopol

LES OGSÅ: Italiensk mafiaboss pågrepet

LES OGSÅ: Mafiaens nye ansikt

SISTE NYTT

Siste nytt