Hopp til innhold

- ETA finansierer terror med kokain

Den italienske forfattaren Roberto Saviano seier han har bevis for at den baskiske separartistorganisasjonen ETA blir finansiert av kokain-sal.

Forfatter av boken Gomorra, Roberto Saviano.

Roberto Saviano kjenner godt til ETA sitt samarbeid med mafiaen om narkotika.

Foto: SALVATORE LAPORTA / AP

Saviano, som alltid er omgitt av opp til sju tryggingsvakter, vart verdskjend etter romanen, og seinare filmen «Gomorra», om den napolitanske mafiaen La Camorra. Han står på dødslista til mafiaen, det er årsaka til at han alltid har eit tungt tryggingsoppbod rundt seg.

LES OGSÅ: Beslagla 1,5 tonn sprengstoff i Portugal

LES OGSÅ: ETA-eksplosiver funnet i turistområde

LES OGSÅ: Fant ETA-våpenlager i skiby

Portugisisk politi gjorde eit stort våpenbeslag i Obidos 5. februar.

Portugisisk politi gjorde eit stort våpenbeslag knytt til ETA i Obidos tidlegare denne månaden.

Foto: Carlos Barroso / Scanpix/AFP

I eit intervju med den spanske avisa El Mundo seier Saviano dette:

- Eg veit lite om ETA. Men eg kjenner veldig godt gruppene som samrbeider med dei.

Kokain frå Colombia

Han fortel at ETA kjøper kokain frå Colombia i Sør-Amerika. Portugal blir brukt som transittland for vidare smugling av det ulovlege stoffet inn i dei baskiske områda i Spania. Den colombianske FARC-geriljaen er også innblanda i narkotikasmuglinga.

Den viktigaste kjelda for opplysningane til Saviano er ein avhoppar frå Camorraen i Napoli. Han har fortalt om ei pakt mellom Camorraen og ETA frå 1999 om eit omfattande samarbeid.

ETA skaffar narkotika til Camorraen, og ETA får tyngre våpen tilbake.

- Ikkje ideologi lenger

- ETA handlar ikkje lenger ut frå ideologiske omsyn, men av økonomiske. Hovudoppgåvene til ETA-aktivistane har mykje meir med narkotikahandel å gjere enn med politisk kamp, hamrar Saviano laust.

Den omstridde forfattaren frå Napoli seier at ETA kom inn i narkotikatrafikken ved hjelp av den venstreordienterte colombianske geriljaen FARC, Saviano seier ETA deler sine hypotetiske, politiske draumar med..

Etter at dette samarbeidet var innarbeidd, seier Saviano, inngjekk ETA ein avtale med Camorraen i Napoli om ein bytehandel mellom narkotika og våpen. Han legg til at ETA i dag også samarbeider med mafiaorganisasjonen N'drangheta, som blir rekna som den mektigaste og mest brutale i Italia i dag.

LES OGSÅ: ETA tar på seg ansvaret for angrep

LES OGSÅ: Gomorra (5)

LES OGSÅ: Italiensk fenomen på norsk

Internasjonalt nett

'Ndrangheta har vakse seg stor og mektig frå hovudområdet sitt heilt sør på det italienske fastlandet., men er i dag truleg den mafiagrupperinga i Italia som har det største internasjonale kontaktnettet.

Sist helg vart det teke beslag i 300 kilo ETA-eksplosivar i Portugal. Politiet opplyser at sprengstoffet var klar til bruk, og det er sett i verk ekstra beredskapstiltak både i Frankrike, Spania og Portugal av frykt for eit angrep frå ETA.

Veka før vart det gjort eit anna stort beslag av sprengstoff i Portugal som også blir knytt til ETA.

Spanias innanriksminister Alfredo Perez Rubalcaba seier at ETA er i ferd med å flytte bombefabrikkane sine frå Spania til Portugal, fordi presset frå spansk politi har vorte for sterkt.

Video nsps_upload_2008_9_30_16_35_21_95.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Intervju med Roberto Saviano om å bli dødsdømd av mafiaen

SISTE NYTT

Siste nytt