Britiske politikarar bad Amazon fjerne Breivik-manifestet – no er det ikkje lenger tilgjengeleg

Britiske politikarar og aktivistar tok eit oppgjer med nettgiganten Amazon i kjølvatnet av terrorangrepet på New Zealand. No har Amazon fjerna manifestet til Anders Behring Breivik.

Skjermdump frå den britiske sida til Amazon.

Skjermdump frå den britiske nettsida til Amazon viser at ein kunne kjøpe det såkalla manifestet til Anders Behring Breivik for 36 pund. No er det fjerna.

Søndag ettermiddag omtalte NRK at Anders Behring Breivik hadde fått ei eiga forfattarside på den britiske nettsida til den amerikanske nettgiganten Amazon.

Der låg manifestet, som terroristen publiserte like før han gjekk til angrep på regjeringskvartalet og Utøya, ute for sal til 36 pund. Det svarar til litt over 400 norske kroner.

The Sunday Times skreiv søndag at fleire politikarar og aktivistar laurdag kveld skal ha bedt Amazon om å fjerne manifestet til Breivik frå nettsidene sine. Det vart terroråtaket på New Zealand som utløyste kravet mot nettgiganten.

Breiviks manifest var tilgjengeleg på Amazon då NRK fyrst omtala denne saka søndag kveld. Men då NRK sjekka Amazon søndag kveld, var manifestet ikkje lenger tilgjengeleg.

NRK får bekrefta at dette er fordi Amazon aktivt har fjerna publikasjonen.

Angivelig gjerningsperson etter moskéterror
Foto: Social Media / Reuters

Mannen som er fengsla for terroråtaka på New Zealand skreiv også eit såkalla manifest.

Der skriv Brenton Tarrant blant anna at han var inspirert av Anders Behring Breivik og har vore i kontakt med han via støttespelarane hans.

Ber nettbutikken ta ansvar

– Nettbutikkar må, på same måte som selskap bak sosiale medium, slutte å springe terroristar sitt ærend ved å gje dei merksemd, og til og med selje deira såkalla manifest, seier Brendan Cox, ifølgje The Sunday Times.

Han er enkemannen etter den britiske politikaren Joe Cox som vart drepen i juni 2016.

– For mange selskap er aktivt med på å gjere framtidige angrep meir sannsynleg, seier Cox til The Sunday Times.

Damian Collins

Den britiske politikaren Damian Collins reagerer på at Amazon sel det såkalla manifestet til Anders Behring Breivik.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP

Også den konservative, britiske politikaren Damian Collins er kritisk til nettgiganten.

– Dei er ansvarleg for å gje folk som står bak grufulle terrorhandlingar ein plattform. Å selje slike manifest hjelper dei med å spreie hatefulle ytringar, seier Collins ifølgje The Sunday Times.

Tekstar frå fleire terroristar ligg på Amazon sine sider. Dylann Roof drap ni menneske i ei metodistkyrkje i Charleston i Sør-Carolina 17. juni 2015. Kyrkjemassakren var rasistisk motivert og alle dei drepne var svarte.

Også teksten hans ligg ute på Amazon som ei bok, men den er for tida utseld og ikkje tilgjengeleg.

Ville aldri selt boka

William Nygaard, tidlegare forleggar og styreleiar i Norsk PEN, seier at om han hadde vore sjef i Amazon ville han aldri selt boka. NRK intervjua Nygaard før det blei kjent at det såkalla manifestet ikkje lenger var tilgjengeleg på Amazon.

William Nygaard

William Nygaard meiner det er viktig at det såkalla manifestet til Anders Behring Breivik er tilgjengeleg, men ville ikkje sjølv brukt det i kommersiell samanheng.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

– Hadde eg sjølv vore bokhandlar ville eg nok ikkje gjort det, men du kan ikkje forby det rettsleg. Det ville vere å gå alt for langt, seier Nygaard.

Samtidig seier han at ein så stor formidlar som Amazon «måtte» formidle manifestet sjølv om ingen likar det. Han viser til at det er viktig at manifestet er tilgjengeleg for forsking. Jo dyrare, jo mindre tilgjengeleg.

– Eg var sjølv kjapp med å laste det ned i si tid, for å kunne sjå kva dette verkeleg var. Men eg syns det er ein liten distinksjon mellom det å ha det ute til kommersielt sal og det å kunne laste det ned gratis, seier den tidlegare forleggaren.

Fransk utgåve

Det finst også ei fransk utgåve av Breivik sitt manifest. På baksida av boka står det at redaktøren Jean Robin forklarar kvifor dei har oversett manifestet til fransk.

Samtidig tek utgjevaren avstand frå og fordømmer handlingane til Breivik.

– Royaltyen frå boka vil utelukkande bli gitt til formål som hjelper ofre etter terrorisme i Frankrike, skriv redaktøren for boka, ifølgje The Sunday Times.

SISTE NYTT

Siste nytt