Hopp til innhold

Britisk islamist-predikant må i fengsel

Anjem Choudary, som blir rekna som ein av dei mest hatefulle islamistiske predikantane i Storbritannia, må rekne med å sone dei neste åra i fengsel. Han er blant anna dømd for å ha sverja truskap til IS.

Anjem Choudary.

Den islamistiske predikanten Anjem Choudary må rekne med fleire år i fengsel.

Foto: Tim Ireland / Ap

Choudary og medhjelparen Mohammed Rahman vart dømde i Old Baily alt 28. juli, men av formaljuridiske årsaker vart ikkje dommen offentleg før i dag. Dei to kan dømmast til inntil ti år i fengsel.

Den endelege dommen og straffeutmålinga kjem ikkje før i september.

Dødelege angrep

Ifølgje den britiske avisa The Guardian har Choudary, ein jurist som vart predikant, inspirert over 100 britiske jihadistar. Avisa siterer etterretningskjelder på at han blant anna har oppmoda til dødelege angrep mot vestlege land.

Mohammed Rahman.

Mohammed Rahman har vore ein nær medarbeidar av Choudary, og er også dømd til fengsel.

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

Gruppa Choudary har leidd er i sjølve hjartet til den islamistiske rørsla i Storbritannia, og gruppa blir blant anna knytt til drapet på soldaten Lee Rigby , som vart drepen med machete i London i 2013, ifølgje avisa.

Choudary har teke over som den mest ekstreme britiske islamistiske predikanten etter at Omar Bakri vart utvist frå landet. Han har oppmoda til støtte til terrororganisasjonen IS på nettsider som You Tube. Han har også uttrykt støtte til terroristane som stod bak angrepa mot USA 11. september 2001.

20 år med utspel

Kommandør Dean Haydon, sjef for antiterroravdelinga i Scotland Yard, seier at dei har jobba seg gjennom 20 år med utspel og fråsegner frå Choudary for å reise saka mot han.

– Choudary og Rahman har halde seg så vidt innanfor lova i mange år, men no er det ikkje lenger tvil om at dei har spreidd hat og påverka personar til å støtte terrororganisasjonar, seier Dean Haydon til Guardian.

Han seier at vendepunktet kom då Choudary offentleg sverja truskap til IS.

Omar Bakri

Omar Bakri, som no oppheld seg i Libanon, vart utvist frå Storbritannia.

Foto: SHARIF KARIM / Reuters

– Endeleg hadde vi beviset på at dei hadde kryssa ei line, slik at vi kan bevise at dei har støtta IS, seier Haydon.

Kjelder i etterretninga meiner at talet på 100 jihadistar som var direkte påverka av Choudary, er eit forsiktig estimat. Både belgisk- og nederlandsk etterretning meiner han også har vore delaktig i å byggje opp, eller inspirere til å byggje opp terrorceller i desse landa.

Han skal også ha hatt kontakt med norske islamistar.

– Rekrutteringsagentar for IS

Innanriksminister Amber Rudd.

Innanriksminister i Storbritannia, Amber Rudd, er glad for at Anjem Choudary no er dømd.

Foto: DANIEL LEAL-OLIVAS / Afp

Choudary var med på å grunnleggje den no forbodne organisasjonen Islam4UK, tidlegare kjent som Al Muhajiroun, al-Ghurabaa og Muslism Against Crusades. Gruppa Sharia4Belgium, som opererte i Belgia i fleire år, skal vere inspirert av dei britiske gruppene.

Innanriksminister Amber Rudd er glad for at Choudary og medhjelparen Mohammed Rahman no endeleg har hamna bak lås og slå.

– Desse farlege individa var rekrutteringsagentar for IS. Dei forgifta hjernane til sårbare menneske, og den forkvakla og vridde propagandaen deira gav støtte og hjelp til ein mordarisk og barbarisk terrororganisasjon, seier Amber Rudd i ein kommentar til dommen i Old Baily.

Delte meninger blant muslimske ledere om Charlie Hebdo

«Hatpredikant» blant de pågrepne

SISTE NYTT

Siste nytt