– Rundt om i heile landet vårt har foreldre, ektefellar, barn, søsken og venner kjent på smerta etter å ha mista nokon av vald utført med våpen, seier Biden i ei fråsegn.
– I dag ber eg Kongressen om å innføre fornuftige våpenreformer, seier han.
Blant reformene han ber om, er forbod mot sal av automatvåpen, bakgrunnssjekk før alle våpensal og slutt på strafferettsleg immunitet for våpenprodusentar.
45.000 døydde i fjor av våpen
Grunnlova i USA sikrar alle rett til å bere våpen i sjølvforsvar. Det blir forsvart med stor styrke av konservative amerikanarar.
I fjor blei det registrert 611 masseskytingar og 11 massedrap i USA, definert som hendingar med fire offer eller fleire.
Ifølgje nettsida Gun Violence Archive døde 298 barn under 12 år av våpenbruk i USA i fjor. 699 ungdommar leid same skjebnen. Over 45.000 amerikanarar blei drepne av våpen i 2020. Tala inkluderer både drap og sjølvmord.
Elevar blei aktivistar
Det var 14. februar 2018 at ein tidlegare elev skaut og drap 14 elevar og tre lærarar på ein vidaregåande skule i Parkland i Florida. Gjerningsmannen Nikolas Cruz vart arrestert ved åstaden.
Ein elev frå Marjorie Stoneman High School i Parkland i Florida står framfor Kongressen med ei skilt som ber politikarane sette høgre verdi på elevane sine liv enn på våpen.
Foto: ANDREW CABALLERO-REYNOLDS / AFPFleire av dei overlevande har i etterkant av skytinga blitt aktivistar og har kjempa for våpenreform. Fleire av elevane frå Parkland har vore i hovudstaden Washington for å forsøke å påverke politikarane til å endre lovene.
I mars 2018 deltok ein halv million amerikanarar i ein protestmarsj i hovudstaden, «March for our lives», leia av elevar frå Parkland.
Sørgjande ved åstaden for skytinga på Marjory Stoneman Douglas High School i Parkland i Florida i februar 2018.
Foto: David Santiago / AP / NTBStansa sist av Trump
I ei separat fråsegn seier Nancy Pelosi, Demokratene sin fleirtalsleiar i Representanthuset, at dei igjen vil sjå på lovgivinga om bakgrunnssjekkar.
Eit tidlegare forsøk på å få stramma inn lovane blei stansa i Kongressen då Donald Trump var president.
LES OG: