Nektar å diskutere atomoppriking

Iran nektar å diskutere oppriking av uran i atomsamtalane landet har med EU og seks verdsmakter i dag.

Irans sjefsforhandler Said Jalili i Istanbul

Irans sjefsforhandlar Said Jalili i Istanbul. Han nektar å diskutere den omstridde oppriking av uran i samtalane.

Foto: BULENT KILIC / Afp
Sjefsforhandlar Saeed Jalili og tyrkisk utanriksminister Ahmet Devutoglu

Sjefsforhandlar Saeed Jalili (til venstre) og tyrkisk utanriksminister Ahmet Devutoglu før samtalane starta.

Foto: BURAK AKBULUT / Afp
Utanriksminister i EU, Catherine Ashton, på plass i Istanbul

Utanriksminister i EU, Catherine Ashton, på plass i Istanbul.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters
Sjefsforhandlar Saeed Jalili og EU-utanriksminister Catherine Ashton

Sjefsforhandlar Saeed Jalili og EU-utanriksminister Catherine Ashton før samtalane starta.

Foto: POOL / Reuters

– Vi vil absolutt ikkje godta at samtalane handlar om våre grunnleggjande rettar, som for eksempel oppriking av uran, seier Abolfazl Zohrevand, ein av hjelparane til sjefsforhandlar Saeed Jalili, til nyheitsbyrået AFP.

Før samtalane starta, vart Iran minte på at dei har store spørsmål å svare på når dei møter seks verdsmakter for å diskutere atomprogrammet sitt.

– Vil samarbeide

I dag møter Iran utanriksminister i EU, Catherine Ashton, i tyrkiske Istanbul. Ho står i spissen for dei seks stormaktene Storbritannia, Kina, Frankrike, Tyskland, Russland og USA. For Iran møter sjefsforhandlar Saeed Jalili .

Men det var ikkje venta store framsteg, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

– Ingen ventar eit stort gjennombrot, men Iran må vise at dei er interesserte i ein vidare dialog, seier diplomatiske kjelder før samtalane startar i dag.

Den vestlege verda fryktar at Iran prøvar å utvikle atomvåpen, men iranske myndigheiter seier atomprogrammet berre har fredelege formål.

– Vi vil konsentrere oss om å få til eit samarbeid, seier Zohrevand.

– Samtalane har vore positive fordi beggje sider er her for å gjere fraskritt, seier han.

– For lite, for seint

Det siste året har konflikta mellom Iran og Vesten teke seg opp. FN har innført nye sanksjonar mot landet og dei vestlege landa har nekta å godta eit tilbod frå Iran om å bytte kjernebrensel.

Vesten meiner tilbodet er for lite, og at det kjem for seint.

– Det er store spørsmål Iran må svare for i dag, og desse er ganske spesifikke. Men det er ingen som ventar at det skal skje store omveltingar i dag, seier ei diplomatikjelde til Reuters.

Gammalt oppgjer

Dette er ei slagmark partane har kjempa på før. I 2008 prøvde partane å byggje tillit gjennom eit tilbod utveksling av kunnskap. Dette tilbodet står framleis utan svar, og var ei vidareutvikling av tilbodet som vart avvist av Iran i 2006 .

Tilbodet omfatta både utveksling av kjernebrensel og eit utvida handelssamarabeid innan sivil luftfart, landbruk, energi, høgteknologi og landbruk. Iran meinte tilbodet ikkje var godt nok.

FN har pålagt Iran å gi kontrollørar tilgang til atomanlegga, og har også bede landet om å bremse sitt atomutviklingsprogram.

Vesten meiner Iran lar vere å etterkome desse krava, og fryktar at Iran sitt atomprogram er eit skalkeskjul for å utvikle atomvåpen.

Satellittbilde av Natanz, hvor Iran anriker uran

Satellittbilde av Natanz, der Iran opprikar uran.

Foto: GeoEye/SIME / AP

Kjernefysisk hemn

Mest fryktar dei at Iran skal ta i bruk dei eventuelle atomvåpna om Midtausten-konflikta eskalerer så mykje at Israel eller USA går til angrep .

Håpet er at Iran skal gå med på å bytte lågopprika uran som dei har produsert, med høgopprika uran som dei kan bruke til sine kjernekraftverk.

Ideen vart først lagt fram i 2009. Sidan då har Iran dobla sine uran-lager og også starta oppriking av sitt eige uran. Ein ny avtale må derfor gå vidare frå det tilbodet som låg føre for to år sidan, hevdar Vesten.

Sanksjonskrig

Iran har, før samtalane som startar i dag, sagt at dei har førebudd seg på å diskutere ein slik bytteavtale.

Dei vil bruke ein avtale dei gjorde med Brasil og Tyrkia som utgangspunkt. Denne avtalen vart kritisert for ikkje å gå langt nok, og FN la nye sanksjonar på Iran.

Før samtalane har USA truga med at dei vil leggje strengare sanskjonar på Iran om det ikkje går mot nokon avtale.

Russland seier dei vil lausne på sanksjonane, og at dei trur ei slik tilnerming vil kunne gjere samtalane med Iran lettare.

Irans president Mahmoud Ahmadinejad med vernebriller.

Iran-president Mahmoud Ahmadinejad med vernebriller.

Foto: Ruzbeh Jadidol / Scanpix/AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt