Hopp til innhold

- God tone i Iran-samtalar

Både Iran og dei faste medlemene i Tryggingsrådet seier at samtalane om det iranske atomprogrammet i Geneve i dag har vore konstruktive og haldne i ein positiv tone.

Catherine Ashton (t.v.) og Saeed Jalili leier dei to delegasjonane i Geneve.

Catherine Ashton (t.v.) og Saeed Jalili leier dei to delegasjonane under forhandlingane i Geneve.

Foto: ANJA NIEDRINGHAUS / Afp

Samtalane held fram i morgon tidleg. Det er 14 månader sidan sist dei faste medlemslanda i Tryggingsrådet i FN møtte iranske utsendingar for å diskutere landet sitt atomprogram.

LES OGSÅ: Fører noen skjult krig mot Iran?

LES OGSÅ: Nye Iran-samtaler i gang

- Konstruktive samtalar

Eksil-iranarar demonstrerte utanfor FN-bygningen i Geneve.

Eksil-iranarar demonstrerte mot det iranske atomprogrammet utanfor FN-bygningen i Geneve.

Foto: VALENTIN FLAURAUD / Reuters

Dei faste medlemslanda er USA, Kina, Russland, Storbritannia, Frankrike og Tyskland. Det er toppdiplomaten Catherine Ashton som leier delegasjonen frå stormaktene.

Ein tenestemann i den iranske delegasjonen kallar samtalane i dag for konstruktive og framgangsrike. Han seier at målet for samtalane i Geneve er å bli samde om eit rammeverk for vidare forhandlingar om atomnedrusting og eit sivilt atomsamarbeid.

- Iran sin rett til eit atomprogram er ikkje eit diskusjonstema. Om vi blir samde om eit rammeverk, blir det fleire rundar med samtalar, seier tenestemannen.

LES OGSÅ: Iran i gang med utvinning av uran

LES OGSÅ: – Få slutt på Irans atomvåpenplaner i 2010, ellers?

God atmosfære

Ei vestleg kjelde seier til nyheitsbyrået AFP at møtet i dag var godt, konstruktivt og halde i ein god atmosfære.

- Vi hadde ting å snakke om, derfor varte møtet så lenge. Mange tema var på bordet, seier kjelda, inkludert atomspørsmålet.

Ei franske kjelde seier at samtalane i dag i hovudsak har handla om atomspørsmål.

Det er ingen store forventningar om eit gjennombrot i samtalane i Geneve. I går kveld annonserte den iranske atomsjefen, Ali Akbar Salehi, at landet hadde lukkast med å produsere sitt første parti med urankonsentrat.

LES OGSÅ: – Iran fikk raketter av Nord-Korea

LES OGSÅ: Prøver å få USA til å angripe Iran

Sterkt signal

Dette blir tolka som eit sterkt signal om at Iran ikkje har planar om å gi etter for det internasjonale presset mot landet sitt atomprogram.

Omverda fryktar at Iran er i ferd med å skaffe seg atomvåpen, men landet sjølv hevdar at atomprogrammet berre er til sivilt bruk.

Under samtalane i FN-bygningen i Geneve i dag demonstrerte eksil-iranarar utanfor med plakartar og slagord mot det iranske prestestyret og atomprogrammet.

SISTE NYTT

Siste nytt