Hopp til innhold

Iransk kjernefysikar drepen

Ein iransk kjernefysikar er drepen og ein annan er såra i to ulike attentat i den iranske hovudstaden Teheran i dag, melder iransk fjernsyn.

Kjernefysikaren Majid Shahriari vart drepen i ein bombeeksplosjon.

Kjernefysikaren Majid Shahriari vart drepen i eit bombeattentat i Teheran i dag.

Foto: - / Afp

Slik ramma bomba den eine av dei to bilane.

Skadane på bilen ser ikkje store ut, men Majid Mhahriari vart drepen i attentatet.

Foto: REUTERS TV / Reuters

- Vitskapsmennene og konene deira vart angripne av terroristar, heiter det i fjernsynsmeldinga. Ingen har teke på seg skulda for dei to bombeangrepa, men den iranske innanriksministeren, Mostafa Mohammad Nijar, skuldar CIA og Mossad for å stå bak.

Nyheitsbyrået Fars melder at menn på motorsyklar festa bombene på bilane i fart, før dei forsvann i stor fart.

Angrepa skjedde i to ulike delar av den iranske hovudsdtaden.

Skuldar på Israel

- Det er ei kriminell terrorhandling. Agentar frå det sionistiske regimet (Israel) har gått til angrep på to prominente universitetsprofessorar på veg til jobben, heiter det på Internettsida til det statlege iranske fjernsynet.

Dr. Majid Shahriari vart drepen og kona hans er såra. Dr. Fereydoon Abbasi og kona hans vart såra, blir det opplyst. Begge to skal ha hatt viktige roller i det iranske atomprogrammet.

Nyheitsbyrået IRNA melder at Shahriari arbeider med atomfysikk ved Shahid Beheshti-universitetet i Teheran. Abbasi skal ha ein doktorgrad i kjernefysikk, og og arbeider med kjernefysisk forsking for det iranske forsvarsdepartementet.

Abassi skal ikkje vere alvorleg såra, melder det halvoffisielle nyheitsbyrået Mehr.

52 år gamle Abbasi skal ha vore medlem av den mektige Revolusjonsgarden heilt sidan revolusjonen i 1979.

Ali Akbar Salehi er leiar for det iranske atomprogrammet.

Sjefen for det iranske atomprogrammet, Ali Akbar Salehi. åtvarar Iran sine fiendar mot slike angrep.

Foto: Ronald Zak / Ap

Ein annan atomfysikar, Massoud Ali-Mohammadi, vart drepen i ein bombeeksplosjon i Teheran i januar i år. Han skal ha vore ein nær medarbeidar av Abbasi.

- Ikkje leik med elden

Leiaren for det iranske atomprogrammet, Akbar Salehi, åtvara i dag Iran sine fiendar mot å prøve å hindre atomprogrammet. Det er spesielt USA og Israel Iran reknar som sine fiendar.

- Ikkje leik med elden. Tolmodet til iranarane er avgrensa. Om tolmodet tek slutt vil fiendane våre få ein dårleg lagnad, sa han. Han lovde også å styrkje atomprogrammet etter attentatet i dag.

Iran seier at atomprogrammet berre er til sivile føremål, men vestlege land og Israel er sikre på at landet prøver å skaffe seg atomvåpen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: – Få slutt på Irans atomvåpenplaner i 2010, ellers?

LES OGSÅ: – Iran fikk raketter av Nord-Korea

SISTE NYTT

Siste nytt