Hopp til innhold

Amerikanar arrestert i Nord-Korea

Ein amerikansk statsborgar er arrestert i Nord-Korea. Styresmaktene i Pyongyang seier vedkomande har gjort seg skuldig i ei «fiendtleg handling» mot landet.

Kim Jong-un opnar museum i Pyongyang.

Nordkoreanske styresmakter, her ved sjefen sjølv, Kim Jong-un, har arrestert ein amerikansk statsborgar.

Foto: KCNA / Afp

Det er det statlege nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA som melder om arrestasjonen. Her heiter det at Otto Frederick Warmbier har kome til Nord-Korea som turist, og at han vart teken under utføring av ei fiendtleg handling. Det står også at den arresterte var manipulert av amerikanske styresmakter til å gjere det han gjorde.

Det blir ikkje sagt noko konkret om kva den amerikanske statsborgaren har gjort seg skuldig i.

Student i USA

KCNA melder at den arresterte er student ved Universitetet i Virginia i USA, og at han hadde kome til Nord-Korea med det målet for auge å «øydeleggje samhaldet». i landet.

Ein tenestemann ved den amerikanske ambassaden i Seoul i Sør-Korea seier til nyheitsbyrået Reuters at dei kjenner til meldingane om at ein amerikansk statsborgar skal vere arrestert i Nord-Korea, men kan ikkje gi fleire opplysningar.

Dersom meldingane om arrestasjonen stemmer, er VIrginia-studenten den tredje utlendingen som no er arresterte i Nord-Korea. Ein sørkoreansk pastor vart pågripen i det isolerte landet i fjor, og han vart seinare dømd til fengsel på livstid for å ha prøvd å underminere styresmaktene i Nord-Korea.

Tre utlendingar

Tidlegare denne månaden sa ein amerikansk-koreansk mann til CNN at han vart halden av nordkoreanske styresmakter, mistenkt for spionasje.

Sør-Korea har gjort det klart at USA og allierte land arbeider med planar om å innføre strenge sanksjonar mot Nord-Korea, etter at landet like etter nyttår gjennomførte ein prøvesprenging av det Pyongyang sjølv seier var ei hydrogenbombe .

Vestleg etterretning tvilar på at det var ei hydrogenbombe, men trur det var sprenging av ei kraftig atombombe.

Det Beijing-baserte reisebyrået Yong Pioneer Tours stadfestar overfor Reuters at Otto Frederick Warmbier var med på ein av deira turar til Nord-Korea, og at han vart arrestert 2. januar. Dette var før den siste nordkoreanske atomprøvesprenginga.

Nord-Korea: – Prøvesprengte i selvforsvar

Kim Jong-un vil ha flere atombomber

– Gjer alt vi kan

– Vi er i nær kontakt med familien til Otto, det amerikanske utanriksdepartementet og den svenske ambassaden i Pyongyang. Vi gjer alt vi kan for å få han sett fri, seier Gareth Johnson i Yong Pioneer Tours.

USA har ikkje diplomatisk samband med Nord-Korea, og den svenske ambassaden tek seg av amerikanske interesser i landet.

Ifølgje Facebook-profilen til Otto Frederich Warmbier er han frå Cincinnati i delstaten Ohio. Her skriv han at han er svært glad i å reise, og at han dei siste åra har vore i landet som Cuba, Irland og Israel.

Nordkoreanske myndigheter sier de har utført sin første vellykkede prøvesprengning av en hydrogenbombe.

VIDEO: Slik annonserte nordkoreansk fjernsyn den siste prøvesprenginga.

– Metroen er som et underjordisk palass

SISTE NYTT

Siste nytt