Hopp til innhold

– Alle får éin million yen i erstatning

Alle som måtte evakuere etter jordskjelvet og den påfølgande atomkatastrofen i Japan, skal få éin million yen i erstatning.

Evakuerte bor i avdelte "rom" ved et mottakssenter i Kamaishi

Evakuerte i Japan kan vente seg erstatning etter atomkatastrofen.

Foto: KAZUHIRO NOGI / Afp

JAPAN-QUAKE

Så mange som 28.000 kan ha omkome i jordskjelvet og tsunamien.

Foto: TOSHIFUMI KITAMURA / Afp
TEPCO-sjef Masataka Shimizu

TEPCO-sjef Masataka Shimizu.

Foto: Shuji Kajiyama / Ap
Reaktor nummer 4 ved Fukushima

Kjernekraftverket Fukusima Daichii lek radioaktivt materiale.

Foto: Ap
Grønnsaker innhøstet i Fukushima-prefekturet har blitt trukket tilbake fra butikkene

Mat- og drikke er trekt tilbake frå marknaden på grunn av for høge stråleverdiar.

Foto: Kyodo News / Ap

Alle som budde innafor ein radius av 30 kilometer frå Fukushima Daichii-kraftverket måtte evakuere på grunn av strålefaren.

Det var til saman 48.000 hushald som vart råka av ulykka , og som fekk ordre om enten å evakuere eller å halde seg innandørs.

Myndigheitene krev at kvart hushald får erstatning på éin million yen, som svarar til 65.000 kroner.

Det seier industriminister Banri Kaieda til det japanske nyheitsbyrået Kyodo.

TEPCO godtek kravet

TEPCO-sjef Masataka Shimizu seier selskapet skal betale nødvendig kompensasjon til alle offer.

– Vi har bestemt oss for å tilby å betale ein mellombels kompensasjon slik at vi kan gi så mykje hjelp som råd, stadfestar Shimizu på ein pressekonferanse.

– Vi betalar ut erstatning til familiane som måtte evakuere eller som fekk beskjed om å halde seg inne, seier han.

Ifølgje nyheitsbyrået AFP betyr det at dei går med på å betale erstatningskravet på éin million yen per hushald. Dei som budde åleine får 750.000 yen, eller 49.000 kroner.

Shumizu seier dei har planar om å starte utbetalingae så snart som råd, og det er ifølgje industriminister Kaieda allereie denne månaden.

Takka nei til 64 kr

Tidlegare har innbyggjarane i byen Namie takka nei til eit tilbod på 64 kroner kvar.

Etter jordskjelvet utanfor Japan 11. mars slo ein tsunami inn over land og la aude store deler av austkysten.

Samtidig starta problema ved kjernekraftverket Fukushima Daichii , der det seinare har vore fleire eksplosjonar og utslepp av radioaktivt materiale.

Fekk ordre om å evakuere

Alle 78.000 som budde innanfor ein radius av 20 kilometer frå kraftverket fekk ordre om å evakuere.

I tillegg fekk 62.000 menneske som budde mellom 20 og 30 kilometer frå kraftverket, beskjed om å halde seg innandørs.

Også fiskarar, som har fått forbod mot å fiske innanfor 20-kilometergrensa, og jordbrukarar, som har fått restriksjonar på sal av matvarer og mjølk, kan ha krav på erstatning.

TEPCO har tidlegare opplyst at dei får om lag 40.000 klager frå publikum kvar dag.

SISTE NYTT

Siste nytt