Den 103 minutt lange tiraden frå Al-Zawahiri, den egyptiske augelegen som tok over som leiar i Al Qaida etter at Osama bin Laden vart drepen, vart lagt ut på ein islamistisk nettstad i går kveld. Han lovde at Frankrike ville gå på eit stort nederlag.
– Eg åtvarar Frankrike om at dei vil møte same lagnaden som USA har gjort i Irak og Afghanistan, sa han blant anna, ifølgje nyheitsbyrået AP.
Det islamske kalifatet
Zawahiri tok over som Al Qaida-leiar etter at Osaman bin Laden (biletet) vart drepen.
Foto: MAZHAR ALI KHAN / APSist han var ute med ein bodskap på Internett var i november i fjor, då han oppmoda muslimar i heile verda om å delta i opprøret i Somalia.
I den nye talen tok han også opp att oppmodingane til muslimar i dei arabiske landa om å stå saman og kjempe for ein islamsk stat og kvitte seg med undertrykkjande regime og utanlandske soldatar.
Han tek til orde for å innføre islamsk lov (sharia) og å arbeide for det islamske kalifatet, ein internasjonal muslimsk stat.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Poet og augelege
Ayman al-Zawahri vart fødd i Kairo i Egypt i 1951. Han er utdanna augelege, men reknar seg også som poet. Han er ein av dei mest ettersøkte personane i verda, og han oppheld seg truleg i det uvegsame og lovlause grenseområdet mellom Afghanistan og Pakistan.
Al-Zawahiri kom tidleg med i organisasjonen Den muslimske brorskapen, der også den noverande presidenten i Egypt, Mohamed Morsi, kjem frå. I 1981 vart han dømd til fengsel for å ha vore delaktig i drapet på dåverande president i Egypt, Anwar al-Sadat.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Møtte bin Laden
I 1985 reiste han til Afghanistan, der han verka som lege blant mujahedin-soldatane som kjempa mot den russiske okkupasjonen av landet. Der kom han i kontakt med Osama bin Laden og saman bygde dei opp Al Qaida til å bli ein internasjonal terrororganisasjon.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: