Hopp til innhold

Røykutvikling i buss på Eidsvåg

Det er røykutvikling i ein buss på E39 ved Eidsvåg i Bergen. I første melding var det snakk om brann i bussen, men det var damp frå ein lekkasje av kjølevæske.

Bussjåføren starta evakuering av bussen, og det er ikkje meldt om skadde eller sakna personar.

Bussen står i høgre køyrefelt, rett før Eidsvågtunnelen i retning Bergen, seier Vegtrafikksentralen. Trafikken blir leia rundt Eidsvågneset. Det er uvisst kor lenge vegen blir stengt.

Alle naudetatane er på staden. Oppdragsleiar i Vest politi, Tommy Veland, seier det har vore røykutvikling i ein buss, men at det er damp og ikkje røyk. Dampen kom som følge av ein lekkasje av kjølevæske.

Bilbergar er bestilt, og politiet avviklar trafikken på staden enn så lenge.