NRK Meny
Normal

- Al Shabab ein del av Al Qaida

Leiaren for Al Qaida, Ayman al-Zawahiri, seier at al-Shabab-militsen i Somalia no er ein del av det internasjonale jihadistnettverket.

Ayman al Zawahri

Den egyptiske augelegen Ayman al-Zawahri er øvste leiar i Al Qaida etter at Osama bin Laden vart drepen.

Foto: AP

Dette går fram ein video som nettovervakings-organisasjonen SITE har funne på Internett. I videoen seier Al Qaida-leiaren blant anna at han har godt nytt til alle muslimar og dårleg nytt til alle vantru.

Bilbombe Mogadishu

Ni menneske vart drepne i ein sjølvmordsaksjon i Mogadishu onsdag. Al-Shabab stod truleg bak.

Foto: ABDURASHID ABDULLE ABIKAR / Afp

– I dag har eg gode nyheiter til den muslimske nasjonen som vil glede dei truande og skremme dei vantru, om at al-Shabab-rørsla i Somalia har blitt ein del av det internasjonale Al Qaida-nettverket, seier al-Zawahri i videoen.

Han held fram med at al-Shabab skal gå inn i den heilage krigen mot sionistkorsfararane og deira svikefulle agentar I muslimske land..

Al-Shabab i Somalia gjorde det klart at dei støtta Ayman al-Zawahiri som ny leiar i Al Qaida, etter at Osama bin Laden vart drepen i fjor.

Al-Shabab kontrollerer store område i Somalia. Dei trekte seg ut av hovudstaden Mogadishu i fjor, men gjennomfører ofte sjølvmordsaksjonar og andre angrep inne i byen.

Seinast i går vart minst 11 menneske drepne i det som truleg var ein sjølvmordsaksjon sett i verk av organisasjonen.

LES OGSÅ: – Terrortrusselen er svært stor i forbindelse med London-OL

LES OGSÅ: Venter det store smellet i Kenya

LES OGSÅ: USA-soldat ville hjelpe Al Shabab

LES OGSÅ: Turistene flykter fra ferieparadis

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt