Dei første meldingane om at den rundt 30 å gamle bin Laden-sonen var drepen kom i juli i år, men er aldri offisielt stadfesta. Donald Trump sa ingenting om når Hamza bin Laden vart drepen, bortsett frå at det skjedde i ein amerikansk antiterror-operasjon i Afghanistan/Pakistan-regionen.
Det heiter i ei fråsegn frå Det kvite hus at bin Ladens død er eit hardt slag mot leiarskapen til Al Qaida, og at det har hindra dei i å gjennomføre angrep. Det står også at Hamza bin Laden var ansvarleg for planlegging av angrep, og at han hadde kontakt med fleire ulike terrorgrupper.
– Skulle ta over
Den britiske avisa
melder at angrepet skjedde i grenseområdet mellom Afghanistan og Pakistan ein gong løpet av dei siste to åra.Peter Bergen, ein ekspert på terrororganisasjonen Al Qaida, sa til avisa i juli i år at Hamza bin Laden var tenkt å ta over som øvste leiar etter egyptaren Ayman al-Zawahari. Han tok over som øvste leiar då Osama bin Laden vart drepen av amerikanske styrkar i Pakistan 2. mai 2011.
– Zawahari har aldri vore ein spesielt effektiv leiar. Han manglar karisma, og det har vore jobba med å få Hamza bin Laden til å ta over, sa Bergen til The Guardian.
Hamza er sonen til Khairiah Sabar, ein av dei tre overlevande konene Osama bin Laden budde saman med i Abottabad i Pakistan då han vart drepen.
Budde saman med faren
Hamza budde truleg saman med faren i Afghanistan under planlegginga av terrorangrepa mot USA 11. september 2001. Han budde også saman med faren i Pakistan ei tid etter den amerikanske invasjonen i Afghanistan, då dei fleste Al Qaida-leiarane flytta frå Afghanistan til Pakistan.
Det amerikanske utanriksdepartementet sette Hamza bin Laden på ei liste over internasjonale terroristar i 2017. Dette skjedde etter at han trua USA med hemnangrep for drapet på faren.
Han er truleg fødd i Jeddah i Saudi-Arabia i 1986 eller 1988. Det er kjent at han saman med fleire familiemedlemer budde i Iran i fleire år etter terrorangrepa mot USA. Her vart dei ifølgje The Guardian verna av den iranske etterretningstenesta og militæret.
Fleire ekteskap
Hamza var gift med ei av døtrene til den høgtståande Al Qaida-leiaren Abdullah Ahmed Abdullah. Ein video av bryllaupet vart funnen i huset der Osama bin Laden budde i Pakistan då han vart drepen.
Seinare kom det fram at han også hadde gifta seg med dottera til Mohammed Atta, mannen som leidde flykaprarane under terrorangrepet mot USA 11. september 2001.
I fleire dokument som vart funne i huset i Abbottabad gjekk det fram at Osama bin Laden meinte at Hamza burde etterfølgje han som leiar.
Han har vore med i ulike Al Qaida-videoar sidan han var tenåring, og han har blant anna vore omtalt som nummer to i organisasjonen etter Zawahiri.