Hopp til innhold

Hevinga av «Costa Concordia» startar måndag

Arbeidet med å rette opp det havarerte cruiseskipet «Costa Concordia», som havarerte utanfor kysten av Toscana i januar i fjor, startar måndag morgon, opplyser italienske styresmakter.

– Dersom vêrtilhøva tillet det, så startar vi arbeidet klokka seks 16. september, seier leiaren for Det italienske sivilforsvaret, Franco Gabrielli. Sivilforsvaret har det overordna ansvaret for å overvake redningsoperasjonen.

– Ikkje gjort før

Costa Concordia sett frå lufta.

«Costa Concordia» ligg heilt inne i fjøresteinane på øya Giglio utanfor kysten av Toscana.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

På ein pressekonferanse tidlegare torsdag sa Gabrielli at dette er ein operasjon som ikkje tidlegare har vore gjort. Skipet, som i dag ligg med ei kraftig slagside i fjøresteinane utanfor øya Giglio, skal rettast opp. Deretter er det meininga å taue det 114.500 tonn tunge cruiseskipet bort, truleg til opphogging.

32 menneske miste livet i forliset. det var 4229 menneske frå 70 ulike land om bord då ulukka skjedde. To av dei omkomne er ikkje funne.

Planen er å rulle skipet opp frå havbotnen og heise det opp på undervassplattformer. Dykkarar har pumpa 18.000 tonn sement inn i skipet for å hindre at det skal brekke opp under operasjonen.

LES OGSÅ: Fem dømt i Costa Concordia-forliset

LES OGSÅ: – Hvis vi mislykkes, får vi ikke en ny sjanse

– Svært krevjande

Nick Sloane skal leie arbeidet med å heve Costa Concordia.

Nick Sloane trur hevinga av «Costa Concordia» blir den vanskelegaste jobben han nokon gong har hatt ansvaret for.

Foto: ALBERTO PIZZOLI / Afp

Mannen som har ansvaret for sjølve hevingsarbeidet, Nick Sloane, seier at arbeidet blir det mest krevjande han har vore involvert i.

– Storleiken på skipet og staden det ligg på gjer dette til den mest utfordrande oppgåva eg har hatt, seier Nick Sloane. Han er likevel ikkje redd for at «Costa Concordia» skal brekke i to under arbeidet.

Sloane fortalde på ein pressekonferanse måndag at det er meininga å heise skipet opp med reimer i fire til fem timar, før tyngdekrafta tek over og skipet vil byrje å rette seg opp ved eiga hjelp. På sida av skipet er det plassert gigantiske metalltankar som skal fungere som bremser, som igjen skal hindre skipet i å tippe over.

LES OGSÅ: - Ingen enkeltperson kan holdes ansvarlig for grunnstøtingen

LES OGSÅ: Monsterkjetting fra Sotra skal heve «Costa Concordia»

Tiltalt for aktlaust drap

Costa Concordia

Kapteinen på «Costa Concordia» blir skulda for å ha ført skipet altfor nær land.

Foto: Gregorio Borgia / Ap

Kapteinen på «Costa Concordia», Francesco Schettino, vart tiltalt for aktlaust drap og for å ha forlate skipet før alle passasjerane var evakuerte, etter ulukka. Dette må han svare for i retten, og saka mot han går føre seg ved ein domstol i provinshovudstaden Grosseto i Toscana. Saka har vore prega av fleire utsetjingar.

Det er også retta sterk kritikk mot kapteinen for at han førde skipet altfor nær land på øya Giglio, og at dette var årsaka til at skipet gjekk på grunn.

LES OGSÅ: Turistnæringen lider ett år etter Costa Concordia forliset

LES OGSÅ: Badeidyll ved «Costa Concordia»-vraket

LES OGSÅ: Concordia-kapteinen ber om unnskyldning

SISTE NYTT

Siste nytt