Doktorgradsstipendiat Erlend Paasche ved fredsforskingsinstituttet Prio sa i ein debatt på Dagsnytt 18 torsdag at han faktisk vart overraska over at Barack Obama, etter å ha nølt lenge, no har gitt grønt lys for å bombe IS også i Syria.
– Eg trur Obama gjer det rette. Det er noko heilt anna å bombe i Syria enn i Irak, men IS er transnasjonalt, og då må også motstanden vere det, sa Paasche blant anna. Han meiner det er viktig at dei går i allianse med dei syriske kurdarane, trass i banda dei har til PKK.
PKK står på terrorlista både til USA og EU.
Inntekter frå oljesmugling
Han sa også at noko av poenget med ein brei internasjonal koalisjon er å isolere IS finansielt.
– IS får ein stor del av inntektene frå smugling av olje. Det må nabolanda vere med på å hindre.
Seniorforskar Cecilie Hellestveit i forskingsinstitusjonen ILPI meiner at det blir ei formidabel oppgåve for USA og landet sine allierte å knuse IS. Ho minner om at gruppa er militært sterk, og at dei blandar seg med dei lokale innbyggjarane. Ho poengterte at det er svært vanskeleg å vite kven ein kan samarbeide med på bakken i Syria, fordi opprørsgruppene er svært fragmenterte.
Mange ulike interesser
– Sjølv om alle er samde om at det er naudsynt å slå tilbake IS, så er det vanskeleg å få med seg nabolanda. Her er det mange land som har sine eigne interesser, slik som Tyrkia, Iran og Saudi-Arabia. Saudi-Arabia vil ikkje godta at Iran blir sterkare. Israel må også takast omsyn til, dei vil heller ikkje godta at Iran kjem styrkt ut av dette, sa Hellestveit blant anna i ein debatt i Dagsnytt 18 i kveld.
Ho gav uttrykk for at kurdarane må vere ein del av løysinga i Syria. Det er viktig å merke seg, sa ho, Assad-regimet og IS har ikkje kjempa så mykje mot kvarandre i det siste, men begge har gått til angrep på dei meir moderate gruppene. Dette fordi dei truleg har venta ein eller anna form for internasjonal innblanding.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– USA har lært
Hellestveit trur USA har lært at dei må samarbeide, og at dei har lært av det som skjedde under invasjonen av Irak i 2003. Dei har lært, håpar ho, at dei må samarbeide med lokale sunnimuslimar mot ekstreme sunnimuslimar
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: