Natt til torsdag la USAs president Barack Obama fram sin strategi for å ta knekken på den islamistiske terrororganisasjonen IS, som kontrollerer store område i Irak og Syria. USA har alt gjennomført luftangrep mot IS i Irak, og no opnar han for å gjere det same i Syria.
Børge Brende sa på Dagsnytt 18 torsdag kveld at det som no gjer det mogleg med ein
, er først og fremst at Irak no har fått ny statsminister, Haidar al-Abadi.Ikkje militær innsats
Han gjorde det klart at det pr. i dag ikkje er aktuelt for Noreg å delta i nokon militæraksjon mot IS, men at dette spørsmålet må drøftast dersom det kjem eit spørsmål om vi kan delta militært.
– Det norske oppdraget i dag er humanitært, men vi brukar Hercules-fly frå Forsvaret. Skulle det kome eit spørsmål om vi kan bidra militært, så må det ein grundig debatt til om vil for eksempel kan hjelpe til med opplæring, sa utanriksministeren.
Tidlegare i dag sa KrF-politikaren Kjell Ingolf Ropstad at Noreg må
mot IS. Senterpartiet og SV har uttrykt skepsis til norsk militær deltaking.Noreg har hittil berre fått spørsmål om å levere mat, medisinar og anna humanitær hjelp til område som har vore under press frå IS, og eit Hercules-fly har levert ei hjelpesending til den kurdiske byen Erbil nord i Irak.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Vellukka luftangrep
Børge Brende brukte Erbil som eksempel på kor viktig dei amerikanske luftangrepa mot IS i Irak har vore.
– IS stod 20 kilometer frå Erbil. Hadde ikkje USA sett i verk luftangrep mot IS, så hadde byen truleg falle i løpet av kort tid, sa han blant anna.
Børge Brende er klar over at situasjonen i Syria er endå vanskelegare enn i Irak, blant anna fordi den demokratiske opposisjonen i landet er sterkt marginalisert.
– Dei held framleis Aleppo, men dei er under sterkt press. IS kan bli i stand til å stengje forsyningslinene mellom Aleppo og Tyrkia, sa han.
VIDEO: Sjå heile debatten her