Hopp til innhold

KrF: – Må stille opp om me blir bedne

– Me må vere villige til å stille opp med militær hjelp i Irak om me blir bedne av FN, seier KrFs Kjell Ingolf Ropstad. Han møter motbør hos Sp, som trur vestlege soldatar berre vil gjere vondt verre.

Politisk kvarter Obama

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF) diskuterte mogleg norsk bidrag til Irak i Politisk Kvarter i dag.

Kjell Ingolf Ropstad

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) meiner Noreg bør vere klare til å bidra om FN ber om det.

Foto: Margret Helland / NRK

– FN må avklare om det er eit folkemord som går føre seg. For det er slik i internasjonal rett at om det skjer eit folkemord, så forpliktar det verdssamfunnet til å stille opp, seier KrFs stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad, som vitja Politisk Kvarter på P2 i dag.

Ropstad synest det har vore forferdeleg å høyre historiene om Den islamske stat (IS) sine herjingar i Nord-Irak i sommar, og han meiner at dersom FN kallar handlingane for eit folkemord, så er det viktig og riktig at Noreg bidreg med å slå ned på IS sine herjingar.

– Om det er eit folkemord, så må det ein innsats til. Sannsynlegvis vil det vere ein militær innsats, og då må Noreg stille opp gjennom eit FN-mandat. Og dersom det skjer må me signalisere at Noreg er villige til å stille opp, seier Ropstad.

– Må lære av historia

Trygve Slagsvold Vedum

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum trur det vil gjere vondt verre å bidra med militære styrker i Irak.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner derimot Ropstad bør lese historiebøkene om att.

– Me må lære av erfaringa både frå Afghanistan i 2001, Irak i 2003 og Libya i 2011. Slike vestleg militære operasjonar har ikkje berre suksesshistorier å vise til. Eg kan ikkje sjå føre meg korleis det skal bli betre med norske soldatar på bakken i Irak. Eg ser nesten på det som utenkeleg, seier Vedum.

Han meiner det er viktigare at Noreg bidreg der ein kan bidra

– Me kan heller gå inn der me har eit fortrinn og tung erfaring, og det er på den humanitære sida. Om me tør å løfte det humanitære opp skikkeleg, så kan det vere eit mykje viktigare bidrag til å stabilisere situasjonen i Midtausten, seier Vedum.

Krfs Ropstad er ikkje vanskeleg å be når det er snakk om humanitær hjelp, men trur likevel det ikkje er nok.

– Jo, sjølvsagt skal me hjelpe til med humanitær hjelp. Men om Vedum har følgt med på korleis denne gruppa opererer, så er det noko heilt anna enn det regimet som var i Irak i 2003 som Vesten gjekk til angrep på, og som det var heilt rett at Noreg ikkje støtta. Dette er ein heilt annleis situasjon, meiner Ropstad.

Obamas firepunktsplan

Dei to politikarane har begge fått med seg framlegginga av Barack Obama sin slagplan i natt, ein plan dei begge synest er god. Obamas plan har som mål å nedkjempe IS i Irak og Syria, og inneheld fire hovudpunkt.

  • Systematiske luftangrep mot IS-mål, uansett kor dei måtte finne seg.
  • USA sender 475 amerikanske militærrådgjevarar som skal støtte kurdiske og irakiske styrker, Dette er i tillegg til dei 1000 som allereie er sende.
  • USA skal gjennomføre eit tett etterretningssamarbeid med andre land i Midtausten.
  • Vidareføre humanitær hjelp til ofre for IS sin krigføring.

LES OGSÅ: – Obama åpner for å bombe IS i Syria

LES OGSÅ: Obama åpner for flyangrep mot IS

Både Ropstad og Vedum synest Obama gjer lurt i å samarbeide med andre land i regionen, i staden for å gå inn med bakkestyrkar slik USA gjorde i Irak i 2003.

– Me må sjå på kva som kan gjerast for å betre situasjonen i det lange løp. Difor synest eg Obama har lagt seg på ei mykje klokare linje enn det mange republikanarar har gjort. Han har sagt at det må vere ei regional mobilisering med nabolanda, og det er der hovudløysingane ligg, seier Vedum.

Han trur vestleg innblanding fort vil gjere vondt om til verre.

– Om ein trur at eit tungt vestleg bidrag på sikt vil betre situasjonen, så er det veldig naivt. Eg trur me kan bidra på andre måtar. Me skal vere stolte av den historia me har som land, og at me har turt å løfte det humanitære og diplomatiet når andre har snakka om andre løysingar, seier Vedum.

Ropstad trur på si side at humanitær hjelp ikkje er nok.

– Det er slik at den terrorgruppa som har halde på kan ein ikkje stoppe med humanitært arbeid. Humanitært arbeid er ein veg, men i nokre tilfelle må Vesten, helst i samarbeid med landa rundt, bidra med fly slik Obama også har føreslått opptrapping på.

Brende støtter Obama

Utenriksminister Børge Brende i Bodø

Utanriksminister Børge Brende støtter Obama sin plan for å slå ned på IS.

Foto: Einar Breivik / NRK

Både KrF og Sp viser støtte til Obama, og det same gjer utanriksminister Børge Brende. Til NTB seier han at den norske regjeringa stiller seg bak USAs strategi.

– Dette var ein viktig tale frå president Obama, der han la fram ein brei strategi for kampen mot ISIL, og der han la vekt på at partnarar i regionen og Golfen må ta ei leiarrolle, seier Brende.

Brende fastslår at IS er den største trusselen ikkje berre for Irak og Syria, men også for landa i regionen og internasjonalt.

– Som vi erfarte i sommar, får den også følgjer for Noreg. Vi støttar initiativet til president Obama for å samle det internasjonale samfunnet for å kjempe mot ISIL på ulike måtar. ISILs usedvanlege brutalitet gjer klar handling nødvendig, seier Brende, som likevel meiner ei politisk løysing er avgjerande for å stoppe IS.

AKTUELT NÅ