Hopp til innhold

– Spenninga i Midtausten og Asia kan føre til atomkrig

Spenninga i Midtausten og Asia har fått fart på atomvåpenkappløpet, og har «direkte potensial til å føre til atomkrig», ifølgje dokument frå Wikileaks.

Våpenarsenalet i Nord-Korea

Kopi av scud-rakettane til Nord-Korea står på det koreanske krigsmuseet i Seoul.

Foto: JUNG YEON-JE / AFP

Satelittbilde

Eit satelittbilete viser eit område der Nord-Korea skal ha ein fabrikk som kan opprike uran.

Foto: - / Afp
Iransk prøveskyting

Også Iran har skote opp rakettar, noko som kan bety at dei kan nå andre land med atomvåpen.

Foto: - / AFP
Indiske ungdommer demonstrerer mot atomvåpen

Indiske ungdommar demonstrerer mot atomvåpen.

Foto: INDRANIL MUKHERJEE / Afp

Fleire land prøver også å sikre seg kjemiske og biologiske våpen, og prøvar å utvikle måtar å bruke desse.

Dei mest folketette områda i verda står i fare for å bli målskive for eit mogleg angrep, heiter det i dokumenta frå Wikileaks.

Nord-Korea , Syria og Iran utviklar langdistansevåpen som kan treffe mål utanfor regionen, refererer britiske The Telegraph.

– 12 millionar kan dø

Den langvarige konflikten mellom India og Pakistan , som begge har atomvåpen, er rota til frykt for atomkrig. Ifølgje ei studie gjort av Pentagon i 2002, kan 12 millionar menneskeliv gå tapt om dei to landa går til krig mot kvarandre.

Dei hemmelegstempla dokumenta stammar frå ei sikkerheitsmøte i 2008.

– Eit atomvåpen- og rakettkappløp i Sør-Asia har eit direkte potensial til å føre til atomkirg i det mests folketette området i verda, eit område med aukande økonomisk viktigheit, heiter det.

Vil angripe nervesystem

I tillegg åtvarar dokumenta om at ustabile land som Syria og Libanon utviklar kjemiske våpen som kan angripe nervesystemet.

Ifølgje dokumenta har Syria, som støttar den libanesiske terroristgruppa Hizbollah, utvikla kjemiske våpen som kan angripe nervesystemet gjennom luftvegane eller gjennom huda.

USA prøvde i 2008 å stanse sal av utstyr som kan brukast til våpenproduksjon i Syria, utan hell.

– Nord-Korea vil ha merksemd

Atombombe over Nagasaki, 1945

Slik såg det ut då ei atombombe gjekk av i Nagasaki i 1945.

Foto: AP

Dei har også prøvd å stanse sal av materiale som kunne brukast til produksjon av kjemisk og biologisk våpen i Nord-Korea.

USA har også fått råd om å prøve å overtale Nord-Korea til ikkje å vise musklar ved å vidareutvikle sine atomvåpen.

I fjor fortalde sørkoreanske politikarar til amerikanske diplomatar at Nord-Korea viste fram sine atomvåpen i straten av Barack Obama sin presidentperiode, fordi landet kjende seg oversett og einsame, og prøvde å få merksemd frå USA.

SISTE NYTT

Siste nytt