Hopp til innhold

Russland godkjende START-avtalen

Avtalen mellom Russland og USA om atomnedrustning er endeleg ratifisert av Russland

START-avtalen vart diskutert i Statsdumaen i Moskva i går

START-avtalen vart diskutert i Statsdumaen i Moskva i går.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

Obama og Medvedev i Praha april 2010

USA-president Barack Obama og Russland-president Dmitri Medvedev underteikna START-avtalen i Praha 8. april i fjor.

Foto: YURI KADOBNOV / Afp

Alle dei 137 senatorane i overhuset til den russiske nasjonalforsamlinga ratifiserte den nye START-avtalen med USA i dag. I går godkjende underhuset avtalen med 350 mot 96 stemmer.

Det er første gong på to tiår at ein slik avtale blir ratifisert.

Øydelegg atomvåpen

Leiaren for utanrikskomiteen i Statsdumaen seier dei har diskutert alle sider av saka.

– Vi har vurdert alt og fattar no eit balansert, og framfor alt ansvarlig, vedtak, seier Konstantin Kosatsjev ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Kommunistpartiet føreslo å skrote teksten som presidentane i USA og Russland, Barack Obama og Dmitri Medvedev, signerte i Praha 8. april i fjor , men dette forslaget vart forkasta.

I den nye START-avtalen bind USA og Russland seg til å kutte talet på klargjorde stridshovud til 1550 innan sju år. Det betyr ein reduksjon på om lag 30 prosent frå nivået i avtalen frå 1991. Denne avtalen gjekk ut i desember 2009.

Senatet i USA godkjende nedrustingsavtalen i desember 2010 .

Håpar på NATO-samarbeid

Anders Fogh Rasmussen på NATO-møte

NATO-generalsekretær Anders Fogh Rasmussen er glad for at Russland og USA er samde om atomnedrusting.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

NATO-generalsekretær Anders Fogh Rasmussen ønskjer avtalen velkomen. Han seier dette er ei velsigning for internasjonal sikkerheit og stabilitet.

– Eg ønskjer denne ratifikasjonen hjarteleg velkomen, seier han i dag.

– Eg håpar dette kan føre til at NATO og Russland kan gjere konkret framgang i vårt strategiske samarbeid, inklusivt rakettforsvaret, seier Rasmussen.

Russland og NATO gjorde i haust ein avtale om å utforske måtar å samarbeide på i dette spørsmålet , men har seinare uttrykt ulike syn på prosjektet.

SISTE NYTT

Siste nytt