Ryktene har svirra dei siste dagane om helsa til den tidlegare presidenten i Egypt. Etter at Hosni Mubarak til sist
etter 30 år ved makta, har ingen høyrt frå han.Ifølgje rapportane skal Mubarak ha falle i koma etter at han heldt den siste talen, der han kunngjorde at han ikkje gjekk av, sjølv om
.Svarar på telefon
Det gjorde han ikkje, ifølgje ei kjelde som skal ha snakka med han i dag.
– Han har det bra, seier kjelda til nyheitsbyrået Reuters.
– Han er i feriehuset sitt i Sharm el-Sheikh saman med familien sin. Han tek imot telefonsamtalar. Eg snakkte med han klokka 15 i dag, seier han.
Den internasjonale arabiske avisa, Asharq al-Awsat, rapporterte at Mubarak var ved skrantande helse, og at han nekta å reise til utlandet for å få behandling.
– Det som er sikkert er at helsa har blitt dramatisk dårlegare. I tillegg har vi høyrt at han nektar å ta imot naudsynt medisinsk hjelp, skreiv avisa og siterte ei kjelde høgt i det egyptiske militæret.
- Les også:
- Les også:
– Ville døy i heimlandet
Dei skreiv også at Mubarak hadde krevd å få døy i sitt eige heimland, og at det såg ut som at dette var nært føreståande.
I fjor gjekk 82 år gamle Mubarak gjennom ein
. Sidan har ryktene om skrantande helse gått.Reuters fekk stadfesta at Mubarak «pustar», men fekk ikkje vite meir om korleis det stod til med den nyavgåtte statsleiaren.
Medan Mubarak framleis klamra seg til makta i Egypt, sa han i ein tale på nasjonalt fjernsyn at han ville bli i landet til sin død.
- Les:
- Les: