NRK Meny
Normal

– Ingen vits å reagere på øvinga

– Det er ikkje bryet verd å reagere på «provokasjonen» frå sør, seier det nordkoreanske militæret. Før Sør-Korea starta øvinga i dag, truga Nord-Korea med ein grusom hemn.

Nordkoreanske soldatar førebur seg

Nordkoreanske soldatar lesser av gods frå ein båt nær den nordkoreanske byen Sinuiju under øvinga.

Foto: JACKY CHEN / Reuters

Nokre timar etter at den sørkoreanske militærøvinga var over i dag tidleg, modererte Nord-Korea truslane om hemnaksjonar og krig.

– Det er ikkje verd å reagere på provokasjonane frå den sørkoreanske øvinga, seier den nordkoreanske hæren i ei fråsegn, ifølgje det statlege nyheitsbyrået KNCA.

Over på 94 minutt

Oberst Lee Boong-woo

Oberst Lee Boong-woo seier Nord-Korea har halde seg rolege, men at Sør-Korea er i beredskap.

Foto: POOL / Reuters
Militærøving Korea

Sørkoreanarane følgjer med på øvinga via fjernsynskjermar.

Foto: PARK JI-HWAN / Afp

Sør-Korea stadfestar at dei ikkje har merka noko til dei varsla hemnaksjonane.

– Det nordkoreanske militæret styrkte vakthaldet og var klare under øvinga, men gjorde ingenting for å provosere, seier talsmann Lee Bung-woo i det sørkoreanske forsvaret.

Før øvinga starta hadde Nord-Korea truga med at dei ville angripe Sør-Korea om øvinga vart gjennomført.

Øvinga starta måndag morgon , men var over på 94 minutt. Då hadde sørkoreansk militære skote fleire rundar med artilleri frå øya Yeonpyeong, utan at Nord-Korea hadde gjort gjengjeld.

Er klare for angrep

Sør-Korea seier dei er i beredskap om Nord-Korea skulle reagere likevel.

– Våre militærstyrkar vil vere klare til å forsvare øyane i nordvest for at vi kan halde på suvereniteten i området, seier Lee til nyheitsbyrået Yonhap.

Sør-Korea har jagarfly og marinefartøy i området for å svare på eventuelle provokasjonar frå Nord-Korea.

I november vart fire personar drepne då Sør-Korea hadde ei liknande øving på den same øya . Då skaut Nord-Korea granatar mot øya og drap to sivile og to soldatar.

Dette var første gong sidan slutten av koreakrigen at Nord-Korea bomba sivile i nabolandet.

– Uklok provokasjon

Opposisjonen i Sør-Korea meiner det var uklokt å gjennomføre militærøvinga. Dei meiner det er farleg å teste eit uansvarleg Nord-Korea, skriv Korea Herald.

– Det er ikkje smart å oppføre seg slik mot Nord-Korea. Dette er ikkje ein normal nasjon. Vi kan ikkje vente rasjonalle handlingar frå dei, seier partileiar i Det demokratiske partiet, Sohn Hak-kyu.

Regjeringspartiet GNP støtta øvinga fullt ut.

– Denne øvinga er ei rutineøving, og den er heilt lovleg. Vi har halde ho regelmessig i mange tiår, seier partileiar Ahn Sang-soo.

Sivile ventar i bomberom

Innbyggjarane på Yeonpyeong-øya ventar i bomberom under øvinga.

Foto: POOL / Reuters

Frykta granatangrep

Før øvinga starta i dag, rapporterte det sørkoreanske militære at dei såg Nord-Korea fjerne omslag frå kanoner og at artilleriet vart flytta fram. Det var det same som skjedde før angrept i november, ifølgje det sørkoreanske militæret.

Omlag 280 innbyggjarar, journalistar og embetsmenn på øya har søkt tilflukt i bomberom før øvinga starta.

Kina åtvara både Nord- og Sør-Korea om at den spente situasjonen kan utvikle seg til ei nasjonal tragedie om provokasjonane held fram.

– Ingen har rett til å provosere fram ei konflikt eller ein krig, og ingen har rett til å sløse med blodet til folk på begge sider av Den koreanske halvøya, seier den kinesiske viseutanriksministeren Cui Tiankai.

Vil ikkje gi Nord-Korea skulda

Tryggingsrådet i FN har halde eit ekstraordinært møte i helga for å finne ut kva dei kan gjere for å dempe spenninga på halvøya, utan at dei klarte å kome fram til ei felles fråsegn.

Den russiske ambassadøren til FN, Vitalij Tsjurkin

Den russiske ambassadøren til FN, Vitalij Tsjurkin, uttalar seg etter møtet i Tryggingsrådet.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

Vestlege diplomatar seier Kina og Russland ønskte ei tosidig fråsegn der Nord-Korea ikkje vart skulda for krisa, men der alle partar blir oppfordra til å vere forsiktige.

Den russiske ambassadøren til FN, Vitalij Tsjurkin, seier det kan bli aktuelt med nye samtalar i dag.

– Eg håpar framleis at denne prosessen kan få eit vellukka utfall, sa han i går kveld.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt