Hopp til innhold

Nord-Korea åtvarar om atomkrig

Nord-Korea åtvarar om at ein ny krig på den koreanske halvøya kjem til å involvera atomvåpen. Samstundes trugar landet med angrep dersom Sør-Korea gjennomfører ei ny militærøving i helga.

Marinesoldatar patruljerer på øya Yeonpyeong

Marinesoldatar patruljerer på den sørkoreanske øya Yeonpyeong fredag 17.desember.

Foto: AhnYoung-joon / Ap

«På grunn av Sør-Korea si omsynslause krislinje er det ikkje eit spørsmål om krig eller fred på den koreanske halvøya, men snarare eit spørsmål om kva tid ein krig vil bryta ut», heiter det i ei melding som vart publisert på kommuniststaten si offisielle nettside Uriminzokkiri torsdag, ifølgje NTB.

– Atomkrig mot fleire land

Nord-Korea varslar at ein eventuell krig vil gå utover fleire enn nabo og erkefiende Sør-Korea.

«Dersom krig bryt ut, vil det føra til atomkrig og den vil ikkje vera avgrensa til den koreanske halvøya», står det vidare i meldinga.

Situasjonen er framleis svært spent på Korea-halvøya etter at Nord-Korea avfyrte dødelege granatar mot den sørkoreanske øya Yeonpyeong 23.november i år.

Åtvarar mot øving på øya

Fredag opplyser Nord-Korea også at dei vil gå til motangrep dersom Sør-Korea går i gang med ei planlagd militærøving på øya Yeonpyeong laurdag.

– Me kjem til å angripa i sjølvforsvar dersom Sør-Korea trossar alle åtvaringane me har gjeve, og gjennomfører øvinga på øya i helga, heiter det i ei melding frå det statlege nyheitsbyrået KCNA.

Styresmaktene i Sør-Korea annonserte i går at dei vil gjennomføra ei ny militærøving, denne gongen på den omstridde øya i Gulehavet. Øvinga vil finna stad mellom 18. og 21. desember.

Ifølgje Reuters ber russiske styresmakter no Sør-Korea om å kansellera den planlagde øvinga, for å hindra at konfliktnivået på Korea-halvøya eskalerer ytterlegare.

– Farlegaste plassen i verda

Partiavisa til Nord-Korea sitt parti, Rodong Sinmun Friday, skildrar halvøya som den farlegaste plassen i verda, og ber om ein formell fredsavtale med USA, ifølgje NTB.

Dei ber også om at USA trekkjer tilbake dei 28 500 amerikanske soldatane som er stasjonerte i Sør-Korea.

Torsdag innleidde Sør-Korea ei ny felles militærøving med USA. Den ti dagar lange øvinga er førebels den siste i ei rekkje militærøvingar som Sør-Korea har gjennomført etter at eit sørkoreansk.

«Den koreanske halvøya fortset å vera ein region belasta med verdas største krigsfare. Det er USA åleine som er skuld i dette, med sin aggresjonspolitikk mot Nord-Korea, skriv avisa Rodong Sinmun Friday.