Hopp til innhold

Nord-Korea aukar beredskapen

Nordkoreansk militære har auka beredskapsnivået på vestkysten på grunn av ei militærøving frå Sør-Korea.

Sørkoreanske soldater på plass på Yeonpyeong

Sørkoreanske soldatar på plass på Yeonpyeong, klare for militærøving.

Foto: POOL / Reuters

Innbyggjarane på øya ber for fred

Innbyggjarane på øya ber for fred under gudstenesta i dag.

Foto: POOL / Reuters
Innbyggjarane reiser frå øya

Andre reiser frå øya før øvinga startar.

Foto: POOL / Reuters

Det er det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap som melder dette, og dei baserer seg på uttalar frå ei regjeringskjelde, skriv nyheitsbyåret Reuters.

Rapporten kjem berre timar før FN sitt tryggingsråd skal ha samtalar om korleis ein skal kjøle ned forholdet mellom dei to landa på den koreanske halvøya.

Det er venta at Sør-Korea skal starte ei større militærøving utanfor Yeonpyeong-øya ein av dei første dagane.

Fryktar auka spenning

Begge sider har sagt at dei vil bruke militære middel for å forsvare det dei meiner er deira territorium utanfor vestkyste, og det internasjonale samfunnet har uttrykt bekymring for at situasjonen kan kome ut av kontroll.

Både Kina og Russland har bede begge dei koreanske landa om å unngå å gjere noko for å auke spenninga, men USA har støtta planane til Sør-Korea om å gjennomføre øvinga.

Øvinga, som vil vere synleg frå det nordkoreanske fastlandet, skjer på den same øya som fire sørkoreanarar vart drepne av nordkoreanske rakettar i november .

Ventar på betre ver

Sør-Korea har utsett starten på øvinga på grunn av dårleg ver. Den sørkoreanske regjeringa fekk sterk kritikk etter at dei ifølgje kritikarane ikkje svarte kraftig nok på det nordkoreanske angrepet i november. Dei seier utsettinga ikkje betyr at dei ikkje vil gjennomføre øvinga.

– Det er ingen planar om å avbryte øvinga. Vi ventar berre på betre ver, seier ei anonym kjelde i det sørkorenske forsvarsdepartementet.

Nord-Korea har kalt øvinga ein «sjølvmordskrig» som vil starte ei stor krise på halvøya, og at dei vil slå tilbake i sjølvforsvar.

Marineøving Korea

Ein fiskebåt køyrer forbi eit sørkoreansk marinefartøy utanfor Yeonpyeong-øya.

Foto: POOL / Reuters

Forsvarsdepartementet i Sør-Korea har ikkje ønskt å kommentere saka, men har tidlegare sagt at dei vil svare med flyangrep og bomber om dei blir angripne på same måte som i november.

Prøvar å bremse

Tyggingsrådet i FN vil prøve å finne ein måte å sleppe unna ei ny krise på halvøya når dei møtest i New York i dag.

– Vi meiner tryggingsrådet må sende signal om at både Sør- og Nord-Korea må leggje band på seg. Dei må også prøve å få igang diplomatisk aktivitet med eit mål om å løyse alle flokar mellom dei to landa, seier den russiske utsendingen Vitaly Churkin til nyheitsbyrået Reuters.

Analytikarar seier dei er skeptiske til om Nord-Korea faktisk vil svare på øvinga med eit nytt angrep. Dei trur Nord-Korea vil halde si eiga militærøving på si side av grensa.

Sørkoreanske marinefartøy er klare for øving

Sørkoreanske marinefartøy er klare for øving.

Foto: YONHAP / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt