Hopp til innhold

– Festen er over for migrantar i Italia

Italias ferske innanriksminister Matteo Salvini varslar tøffe tiltak for å stanse straumen av migrantar til Italia, og han lovar å sende tilbake migrantar som alt er i landet.

Matteo Salvini på Sicilia.

Innanriksminister og Legia-leiar Matteo Salvini varslar tøffe tiltak for å stanse straumen av migrantar til Italia, og for å få ut dei som alt er i landet.

Foto: Carmelo Lenzo / AFP

Matteo Salvini er leiar i det høgreorienterte partiet Ligaen, som har danna regjering saman med protestpartiet Femstjernersrørsla. Regjeringa blir leidd av jusprofessoren Giuseppe Conte , medan Salvini er visestatsminister.

Partiet hans aukar populariteten på meiningsmålingane i takt med den stadig meir innvandringsfiendtlege retorikken. Salvini vart klar i talen då han søndag vitja eit mottakssenter for migrantar som har kome sjøvegen til Sicilia frå Afrika.

Ber EU kome på bana

Sacko Soumal (29) vart drepen i Vibo Valentia.

Sacko Soumayla vart skoten og drepen av ein ukjend person i Vibo Valentia i Sør-Italia sist laurdag.

Foto: Mollo/Fotogramma/Ropi / Zuma Press

– Festen er over for migrantane. Italia skal ikkje lenger vere Europas flyktningleir, sa han ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Han lovar blant anna å etablere eit internerings- og utsendingssenter i alle italienske regionar, og han etterlyser hjelp frå EU.

– Anten må Europa hjelpe oss med å gjere landet vårt trygt, eller så vil vi sjølve velje våre metodar, skriv Matteo Salvini på Twitter.

Sidan 2014 har det kome rundt 600.000 migrantar til Sicilia, og dei fleste av dei er framleis i Italia. Mange av dei jobbar under slaveliknande forhold som landbruksarbeidarar i Sør-Italia. Den mektige mafiagrupperinga i Calabria, 'Ndrangheta, blir skulda for å tene store pengar på dette.

Mange har reagert sterkt på at Matteo Salvini brukte uttrykket «festen er over» når han snakka om migrantane. Det er lite som minner om fest i teltleirane der mange av migrantane bur, meiner dei.

Forholdet mellom dei lokale innbyggjarane og migrantane har lenge vore spent.

Den første populistregjeringen i Vest-Europa tatt i ed

Demonstrasjon i Vibo Valentia.

Drapet på Sacko Soumayla har vekt sterke reaksjonar blant andre migrantar i Vibo Valentia. Tysdag var det generalstreik og demonstrasjon mot måten dei blir behandla på.

Foto: Mollo/Fotogramma/Ropi / Zuma Press

– Innvandring einaste tema

Dette skjer blant anna i Reggio Calabria heilt sør på det italienske fastlandet. Valkampen til Ligaen i området handla i stor grad om dei problema innvandringa har ført med seg.

Salvini har blitt kritisert for berre å snakke om innvandring, og ikkje om korleis mafiaorganisasjonen 'Ndrangheta held dette området i eit jarngrep.

Sist laurdag vart 29 år gamle Soumayla Sacko frå Mali skoten og drepen medan han og to kameratar var inne i ein nedlagt fabrikk i Vibo Valentia for å hente ut laken. Dei to kameratane hans vart såra. Sacko var også aktiv i fagforeininga Usb, der han var ein forkjempar for å få betre forhold for migrantarbeidarane i landbruket.

Det er uklart akkurat kva som skjedde då han vart drepen, men drapet har vekt sterke reaksjonar blant migrantane i området. Usb organiserte i dag ein generalstreik til støtte for migrantane. Og streiken var effektiv.

Demonstrasjon i San Ferdinando.

Det var demonstrasjonar i protest mot drapet på Sacko Soumayla fleire stader i Italia i dag. Her frå San Ferdinando i Sør-Italia,

Foto: Marco Costantino / AP

– Behandlar oss som dyr

Det var ingen som møtte opp i vegkryssa der landeigarane kvar dag kjem for å plukke ut dei som skal få arbeid den dagen. I staden var det store demonstrasjonar der migrantane protesterte mot forholda dei lever under.

– Vi er her for å arbeide, men dei behandlar oss som dyr, er det ein som ropar.

– Dersom Soumayla Sacko var der for å stele, noko han ikkje var, kvifor varsla dei ikkje politiet?, spør ein ung mann. Demonstrantane er ikkje i tvil om at drapet laurdag var rasistisk motivert, melder avisa La Repubblica.

Politiet seier at dei ikkje har nokon grunn til å tru at drapet på 29-åringen frå Mali hadde noko med rasisme å gjere.

SISTE NYTT

Siste nytt