Den 53 år gamle jusprofessoren har ein 12 sider lang CV, der studieopphald på fleire av dei mest prestisjetunge universiteta i verda, blant anna Cambridge, Sorbonne og New York University, er med.
Italienske nyheitsmedium har gjort eit poeng av han aldri har teke nokon universitetsgrad ved desse utanlandske lærestadene, men Conte meiner likevel har sitt på det tørre.
Han har hatt studieopphald ved alle desse universiteta, forsikrar han.
- Les også:
– Vondsinna sladder
«Conte juksa med CV-en», stod det å framsida til La Repubblica onsdag denne veka. Corriere della Sera skreiv at framtida hans som statsminister er usikker etter CV-saka.
Beppe Grillo, humoristen som starta Femstjernersrørsla (M5S), har kalla avisoppslaga for «vondsinna sladder». Han får også brei støtte frå tidlegare kollegaer og studentar ved Universitetet i Firenze.
Conte er professor ved dette universitetet ved sida av å leie eit større advokatkontor i Roma, og han har også eit professorat ved eit universitet i hovudstaden. I perioden 2012 til 2015 var han knytt til Den italienske romfartsorganisasjonen ISA.
Giuseppe Conte vart fødd i landsbyen Volturara Appula i den sørlege Puglia-regionen i 1965. Ved valet 4. mars røysta 73 prosent av dei rundt 500 innbyggjarane i landsbyen på M5S, ifølgje The Guardian.
- Les også:
Flittig og elegant
Barndomsvenen Antonio Placentino seier til avisa at han var ein flittig skuleelev og student.
– Han har alltid vore veldig elegant, og også på skulen var han alltid ulasteleg kledd, seier han.
Conte tok juridikum ved Sapienza-universitetet i Roma 1988 med privatrett som spesialfelt, og han er no busett i den italienske hovudstaden. Han er skilt frå kona han har ein 10 år gammal son med.
Ein tidlegare kollega ved Universitetet i Firenze, Patrizia Giunti, skildrar Conte som omtenksam, sjenerøs, elskverdig og sjarmerande.
– Studentane set han høgt, seier ho.
Han er også kjent for å vere ein truande katolikk, og for å vere ein trufast tilhengjar av fotballaget AS Roma
Conte har fortalt at han fram til 2013 alltid røysta på parti på venstresida i italiensk politikk, men at han kom i kontakt med Femstjernersrørsla i 2013, då partiet til Beppe Grillo kom inn i parlamentet for første gong.
Meiningslause lover
Det er truleg han som har utarbeidd ein plan for å fjerne 400 meiningslause lover, som ein del av arbeidet med å kutte i det utskjelte italienske byråkratiet og opne opp økonomien.
Det har også kome fram at Giuseppe Conte har John F. Kennedy som eitt av ideala sine, og på WhatsApp-profilen sin har han delt dette sitatet frå den myrda amerikanske presidenten:
«All suksess startar med ei avgjerd om å prøve».
Med referanse til bakgrunnen sin som jurist har han lovd å bli «forsvarsadvokaten til det italienske folket».
Det er frykt for at Contes manglande politiske erfaring kan gjere han til ein svak statsminister, og at han blir ei nikkedokke for dei to partileiarane Matteo Salvini (Ligaen) og Luigi Di Maio frå M5S. Dei siste åra han har vore den personlege advokaten til Di Maio.
Europa-politikken
Det er knytt stor spenning til Europa-politikken til den nye regjeringa. Det er stor skepsis til både eurosamarbeidet og til EU hos leiarane i dei to regjeringspartia.
Det gjorde ikkje forholdet betre at presidenten i EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker, i går kom med rådet at italienarane må arbeide meir og bli mindre korrupte.