Kampane braut ut då dei meksikanske soldatane storma ein treningsleir som bandemedlemmane skal ha drive i byen General Tervino, nord i landet.
Ifølgje nyheitsbyrået Reuters var alle dei 25 som vart drepne i samanstøyten medlemmar av ein kriminell bande.
- LES OGSÅ:
– Suksess
Den siste tida er det gjennomført ei rekkje valdelege åtak i dei nordlege delane av Mexico, der narkotikabandar kjempar mot kvarandre, så vel som mot politi og soldatar.
- LES OGSÅ:
I ei kunngjering torsdag sa presidenten at den valdelege opptrappinga er eit teikn på suksess.
– Pågripingane og drapa av toppleiarane har gjort desse kriminelle organisasjonane meir desperate, sa Calderon som påpeikte at 125 kriminelle leiarar har vorte arresterte eller drepne under hans mandat.
Valden aukar
To soldatar blei såra og tre personar som banden hadde kidnappa, blei sett fri i aksjonen torsdag. Skotvekslinga tok til då soldatane oppdaga væpna menn utanfor eit bygg i delstaten Tamaulipas, ein grenseregion der valden har eskalert kraftig i løpet av dei siste månadane.
Det var også i dette området ei
førre veke.Ifølgje ei kunngjering frå militære leiinga blei 23 våpen og 23 køyretøy beslaglagde under aksjonen. Fleire av køyretøya var malte for å sjå ut som militærvogner.
Narkobandar står bak
Meksikanske styresmakter meiner eit gjengoppgjer mellom den såkalla Golf-gjengen og Zeta-gjengen har ført til dei mange skyteepisodane, kidnappingane og drapa i den nordaustlege delen av landet.
Ein av dei som overlevde massakren i Tamaulipas som blei blottlagd sist veke, har retta fingen mot Zeta-gjengen.
Kort tid etter den grufulle oppdaginga, forsvann
Ein lokal borgarmeister blei skoten og drepen og bomber har gått av ved ein lokal TV-stasjon og ein politi-stasjon i området.Presidenten under press
Den meksikanske presidenten Felipe Calderon lanserte for tre og eit halvt år sidan ein ny, aggresiv plan for å få slutt på narkotikakrigen som har kravd om lag 28 000 menneskeliv dei siste fire åra.
- LES OGSÅ:
Calderon er no under kraftig press. Hans planar for å få bukt med blodbadet som dei rivaliserande narkotikakartellene står bak, har førebels ikkje ført fram.
– Desse konfrontasjonane svekker dei kriminelle bandane, men verkar diverre også destabiliserande inn på resten av samfunnet, svarte presidenten på kritikken mot hans harde politikk.
Presidenten har dedikert 50 000 soldatar til kampen mot dei mektige narkotikakartellene.