Hopp til innhold

Granatåtak mot turistar i Mexico

Minst 15 menneske blei såra då ein granat blei kasta inn i ein bar i den populære turistbyen Puerto Vallarta natt til torsdag.

Tilstanden for fleire av dei skadde er alvorleg. Fire av dei skal ha mist kroppsdelar i åtaket, ifølgje meksikanske media.

Rundt 100 personar oppheldt seg i baren. Det er uklart kor mange av desse som var turistar.

Puerto Vallarta er eit av dei mest populære turistmåla på den meksikanske
stillehavskysten. Kven som stod bak åtaket var torsdag ukjent.

SISTE NYTT

Siste nytt