Hopp til innhold

- USA og Russland ser framtidig rolle for avhopparen Ali Habib

Den syriske eks-forsvarsministeren Ali Habib, som hoppa av til Tyrkia tysdag, skal ha fått hjelp av vestleg etterretning til å kome seg ut av Syria. Han kan vere ein nøkkelfigur for å få til forhandlingar.

Syriske flyktningar på grensa til Tyrkia.

Straumen av syriske flyktningar til Tyrkia held fram. No har også ein tidlegare eks-forsvarsminister ha kryssa grensa.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

Fleire kjelder seier til nyheitsbyrået Reuters at USA, og til ei viss grad også Russland, ser Ali Habib, som ein som kan spele ei viktig rolle i forhandlingar om å få slutt på borgarkrigen i landet. Habib har i mange år tilhøyrt den indre krinsen rundt Syrias president Bashar al-Assad,

Ali Habib (t.v.) og Bashar al-Assad.

Ali Habib (t.v.) har vore ein nær medarbeidar til president Bashar al-Assad.

Foto: SANA / Reuters

Ali Habib har ei sterk stilling blant alawittane, ei sekt innanfor sjia-islam som utgjer rundt åtte millionar av dei rundt 22 millionar innbyggjarane i landet. Dei fleste som er i maktposisjonar i Syria er alawittar, slik også Assad-familien er det.

Alawittisk dominans

Opprøret mot regimet er også eit opprør mot alawittane sin dominans i syrisk politikk.

– Habib si avhopping vil skake det alawittiske samfunnet i Syria. Dei vil sjå på han som ein ny person som forlet det søkkande skipet, seier ein tidlegare syrisk offiser, som også har hoppa av.

Dei fleste alawittane støttar Bashar al-Assad, men fleire observatørar meiner det er reell fare for ei splitting i det alawittiske miljøet. Mange alawittar fryktar at den harde lina regimet har vist mot opprørarane, kan slå tilbake på dei sjølve i form av hemnangrep på sivile.

Borgarkrigen i Syria har halde på i over to år.

Borgarkrigen i Syria har halde på i over to år, og situasjonen for innbyggjarane blir verre og verre for kvar dag.

Foto: STRINGER / Reuters

Vestlege diplomatiske kjelder seier i dag at general Ali Habib, som kryssa grensa til Tyrkia rundt midnatt tysdag denne veka, no har kome til Istanbul. I går kveld melde det statlege fjernsynet at Ali Habib ikkje hadde reist frå landet, men at han tvert i mot var i heimen sin.

Maktfigur sidan 1970

Ei kjelde Reuters har snakka med fnyser av dette. Det statlege syriske fjernsynet har heller ikkje gjenteke meldinga frå i går der dei avviser at Habib har hoppa av.

General Ali Habib (74) har vore ein maktfigur i Syria heilt sidan faren til den noverande presidenten, Hafez al-Assad, tok makta i eit militærkupp i 1970. Han var forsvarsminister frå 2009 til 2011, og han gjekk av berre nokre månader etter at opprøret i landet starta.

Offisielt trekte han seg av helsemessige årsaker, men årsaka skal vere at han var usamd i den harde lina Bashar al-Assad valde då demonstrasjonane mot regimet starta i 2011.

Kamal al-Labwani er leiar for den syriske opposisjonsgruppa SNC

Opposisjonsleiaren Kamal Al-Labwani trur på ei framtidig rolle for Ali Habib.

Foto: HO / REUTERS

Sidan skal han ifølgje kjelder i opposisjonen ha vorte halden i ein slags husarrest, sjølv om har fleire gonger har vist seg offentleg i offisielle samanhengar. Dette for å vise at han framleis var lojal til regimet.

LES OGSÅ: Vil diskutere Syria over middag

LES OGSÅ: Syria overskygger økonomi på G20-møte

– Viktig rolle

Opposisjonsleiaren Kamal al-Labwani (55), som lever i eksil i Paris, meiner at Ali Habib kan kome til å spele ei rolle for å få slutt på borgarkrigen i Syria.

– Det verkar som USA, og til ei viss grad Russland, meiner Habib kan få ei viktig rolle etter Assad. Eit scenario er at han overtek kommandoen over regjeringsstyrkane, og at han deretter kan forhandle med opprørarane om å danne ei overgangsregjering, seier Kamal al-Labwani.

Labwani leier Syria National Coalition (SNC), ei av dei viktigaste opposisjonsgruppene. Han meiner Habib kan vere retten mannen.

– Eg er for dette vegkartet. Habib er rette mannen, seier han til Reuters.

LES OGSÅ: Russisk funn knytter gassangrep til opprørerne

LES OGSÅ: Putin krever bevis for gassangrep

– Vil halde låg profil

Også Labwani seier at Ali Habib har kome til Istanbul med hjelp frå det han kallar vestlege agentar, utan at han går i detalj om kva land som er innblanda.

– Han kjem til å halde ein svært låg profil i Istanbul, og ingen vil gi opplysningar om akkurat kvar han oppheld seg, seier Labwani.

I går sa Labwani at han ikkje hadde opplysningar om at Ai Habib ville gå over til opprørarane. Dette styrkar teorien om at den syriske generalen kan vere tiltenkt ei rolle som ein framtidig brubyggjar i Syria etter borgarkrigen.

Han trur heller ikkje at tyrkiske styresmakter kjem til å stadfeste at den syriske eks-forsvarsministeren oppheld seg i landet.

LES OGSÅ: Assad advarer mot storkrig i regionen

LES OGSÅ: – Dette er en galopperende katastrofe

SISTE NYTT

Siste nytt