- Her er det berre øydelegging

IS er på frammarsj i Syria trass i ein intensiv bombekampanje dei siste dagane. Og i Irak vert det sett i gang ein kampanje for å gjenvinne kontrollen over Anbar-provinsen.

IS-krigere i Raqqa i Syria

PÅ FRAMMARSJ: IS-opprørarar, her i Raqqa i det nordlege Syria.

Foto: Uncredited / Ap

Den syriske regjeringshæren skal ha lansert 15 bombeangrep i og rundt Palmyra, som vert kalla Tadmur på arabisk, etter at den vart overteke av IS torsdag.

– Luftstyrkane har treft meir enn 160 IS-mål, drepe og såra terroristar og øydelagt våpen og væpna køyretøy, seier ein militærkjelde til AFP.

Denne videoen vart posta i sosiale medium måndag, og viser kolonner av svart røyk etter det som skal ha vore luftangrep frå regjeringsstyrker.

Syriske regjeringsstyrker bombar Palmyra. Privat video via sosiale medier (via Reuters)

Ein video publisert av ein innbyggar i byen viser øydeleggingane etter regjeringsstyrkene sine angrep.

– Dette er det Bashar al-Assad har gjort med desse heimane. Dette er bombinga. Her er ingen terroristar, berre barn. Det er inga øydelegging nær ruinane. Det er berre øydelegging her, over hovuda til dei sivile, seier ei stemme i videoen, som klandrar det internasjonale samfunn for berre å bry seg om dei verdifulle ruinane i oldtidsbyen og ikkje menneska som lid i kampane.

Uroa for verdsarven

Så langt er fire sivile døde ifølge Syrian Observatory for Human Rights. Dette kjem i tillegg til rapportar om hundrevis som skal ha vorte avretta av IS.

Nokre av luftangrepa skal ha treft nær dei antikke ruinane som står på Unesco si verdsarvliste, men det er usikkert om det er øydeleggingar. Fleire har uttrykt uro for verdsarven.

Trass i offensiven har dei ikkje lukkast å stoppe IS, som skal ha overteke ei stor fosfatmine 70 km sør for Palmyra, og skal vere på veg mot Damaskus.

Irak startar kampanje for å vinne att Anbar

IS har vore på offensiven dei siste vekene, og i tillegg til å no kontrollere meir enn 50 prosent av syrisk territorium har dei teke kontroll over Ramadi, hovudstaden i Irak sin Anbar-provins, ikkje langt frå Baghdad.

Flyktningar frå Ramadi

FLYKTAR FRÅ RAMADI: Rundt 55.000 menneske har flykta frå byen sidan midten av mai ifølge FNs høgkommissær for flyktningar

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

Irak innleia tysdag ein militæroffensiv for å frigjere Anbar-provinsen frå IS. Operasjonen har fått namnet "Labeyk Ya Hussein" ifølge ein talsmann frå ein av shiamilitsane, Hashid Shaabi.

Det har vore mykje kontrovers rundt bruken av sjiamilitsar, noko ein fryktar kan auke sekteriske spenningar. Men samstundes vert det hevda at den irakiske hæren ikkje godt nok rusta, og er avhengige av hjelp frå militsane.

USA sin forsvarsminister Ashton Carter kritiserte i helga Irak for manglande kampvilje etter at IS tok over Ramadi førre veke tilsynelatande utan særleg motkamp frå regjeringshæren. Visepresident Joe Biden forsikra den irakiske statsministeren måndag kveld om at USA framleis vil støtte regjeringa i Irak i kampen mot opprørsgruppa.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt