NRK Meny
Normal

Mobiliserer frivillige i kampen om Ramadi

Den irakiske regjeringa oppfordrar frivillige til å bli med i kampen for å ta tilbake kontrollen over byen Ramadi. Terrororganisasjonen Den islamske staten, IS, erobra byen sist helg.

Ramadi flyktninger

Dei flykta frå Ramadi etter at IS tok kontroll. No ber statsministeren om at frivillige stiller opp i kampen mot IS. Målet er å ta tilbake kontrollen over hovudstaden i Anbar-provinsen.

Foto: Uncredited / Ap

Erobringa av Ramadi blir rekna som IS sin største siger etter at organisasjonen tok kontroll over byen Mosul nord i Irak sist sommar. Ramadi er hovudstad i Anbar-provinsen, og ligg berre ein times køyring frå Bagdad.

Vil straffe soldatar som flykta

Ifølgje FN har rundt 25.000 menneske flykta frå Ramadi etter at IS gjekk til angrep på byen. Derfor meiner den irakiske regjeringa at det no er nødvendig å rekruttere frivillige. Det skriv BBC.

Iraks statsminister

Statsminister Haider al-Abadi ber frivillige stille opp i kampen mot IS i Ramadi.

Foto: Hadi Mizban / Ap

Etter eit møte mellom fleire sentrale ministrar tysdag, lova statsminister Haider al-Abadi at dei soldatane som flykta frå Ramadi då IS gjekk til angrep, vil bli rettsforfølgde.

Han sa også at det irakiske folket no må stå samla, og han bad frivillige melde seg til hæren. Han lova vidare å rekruttere og væpne lokale stammekrigarar. Han bad også verdssamfunnet hjelpe Irak i "krigen mot terror".

Kontroversiell plan

Irakiske soldatar førebur seg no på å ta tilbake kontrollen over Ramadi. Det vil dei gjere med hjelp frå sjiamuslimske militsstyrkar. Rundt 3.000 sjiamuslimske militssoldatar står klare på ein militærbase i området.

Men dei fleste innbyggjarane i Anbar-provinsen er sunnimuslimar. Sjølv om nokre sunnileiarar er glade for at militsen vil bidra, fryktar mange at konsekvensane kan bli negative.

IRAQ-CONFLICT

Sjiamuslimske militssoldatar er klare til innsats i Ramadi.

Foto: MOHAMMED SAWAF / Afp

– Dersom sjiamilitsen kjem inn i Ramadi, vil dei gjere det same som IS gjer no, seier ein lokal kjøpmann i Ramadi til nyheitsbyrået Ap.

Amerikanarane vil støtte styrken, ifølgje Det kvite hus.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt