Hopp til innhold

- Framleis håp om at dei er i live

Politiet i New Zealand går no ut med namn og bilete på dei 29 personane som er sakna etter ein eksplosjon i ei gruve fredag. Yngstemann er 17 år og skal ha vore på sitt første skift då ulukka inntrefte.

Video Gruveulykke i New Zealand

Det er snart tre døgn sidan ein eksplosjon i ei kolgruve på New Zealand fanga 29 arbeidarar 150 meter under bakkenivå.

Det byrjar å hasta med å få redda ut dei 29 som er innesperra i Pike River-gruva i Greymouth etter ein eksplosjon fredag.

Snart tre døgn etter eksplosjonen har det framleis ikkje vore kontakt med dei sakna arbeidarane. Brann og giftige gassar i gruvegangane tvingar framleis redningsmannskapet til å halda seg på overflata.

– Det er frustrerande og fortvilande at me ikkje kan senda inn redningsmannskapet. Men så snart situasjonen tillet det, vil redningsarbeidet ta til, seier statsministeren på New Zealand, John Key.

17-åring på sitt første skift

Statsminister John Key og gruvedirektøren

Statsminister John Key og gruvedirektøren for Pike River-gruva, Peter Whitall.

Foto: HO / Reuters

No har politiet offentleggjort ei liste med namna på dei 29 arbeidarane som sit innesperra om lag to kilometer inne i den lange gruvetunnelen.

Den yngste av dei sakna er 17 år gammal, og var ifølgje nyheitsbyrået AFP på sitt første skift då ulukka skjedde. Eldstemann er 62 år, og det er to britar, to australiarar og ein sørafrikanar blant dei innesperra.

Sjølv om det no har gått presiserer statsminister Key at det er all grunn til å tru at sei sakna arbeidarane er i live.

– Eg har fått fortalt at det finst oksygen inne i gruva, og det er god grunn til å tru at arbeidarane har greidd å koma seg til ei luftlomme, og at dei difor er i live, seier Key til Sky News.

31 personar arbeidde i gruva fredag då eksplosjonen skjedde. To arbeidarar kom seg ut i live.

SISTE NYTT

Siste nytt