Hopp til innhold

New Zealand: Tung tid for familiane

Familiane til dei innesperra gruvearbeidarane i New Zealand trøystar kvarandre medan dei ventar på nytt inne frå den brennande gruva.

NZEALAND-MINING-EXPLOSION

Familiane til dei innesperra gruvearbeidarane kan berre vente - og trøyste kvarandre.

Foto: WILLIAM WEST / Afp

NZEALAND-MINING-EXPLOSION

Ei helsing til ein av dei innesperra gruvearbeidarane.

Foto: WILLIAM WEST / Afp
NEWZEALAND-EXPLOSION/

Gruvesjef Peter Whitall vil ikkje gi opp håpet enno.

Foto: TIM WIMBORNE / Reuters

Håpet er i ferd med å svinne for familiane til dei 29 innesperra gruvearbeidarane i Pike River-gruva.

Undersøkingar som er gjort i gruva i Greymouth, har utsett redningsaksjonen yttarlegare.

– Det er framleis ikkje trygt for redningsarbeidarar å gå inn i gruva, seier sjefen for gruva, Peter Whitall, ifølgje den australske avisa Daily Telegraph.

Brann og farleg gass

– Prøvene vi har gjort, viser at det er varmeutvikling under jorda. Det betyr at det er ein brann som sprer gassen i gruva, seier Whitall.

Brannen og den giftige gassen tvingar redningsmannskapet til å halde seg på overflata. Myndigheitene vil ikkje risikere at fleire liv eventuelt går tapt.

  • Les:

Familiemedlemmer har no besøkt gruveområdet. Media fekk ikkje vere med på bussen som gjekk til Pike River, men reportarane fortel at mange var i tårer då dei gjekk om bord.

NZEALAND-MINING-EXPLOSION

To frå kvar familie får reise til gruveområdet og sjå kva som skjer der.

Foto: WILLIAM WEST / Afp

Tung tid for familiane

Ifølgje Whitall skal to personar frå kvar familie få lov å gå rundt på gruveområdet og sjå korleis redningsarbeidet føregår.

– Eg er alltid optimist. Eg trur vi skal finne desse karane og få dei ut, seier han.

Han fortel at familiane til dei sakna er samla på eit Røde Kors-senter, der dei får oppdatering om situasjonen.

– Det er heilt klart ei tung tid for dei. Dei brukar mykje tid saman, og det er ikkje mykje dei kan gjere anna enn å vente, seier Whitall.

Gruvearbeidarane skal vere 2 kilometer inne i den lange gruvetunnelen. Ingen har høyrt frå dei etter ein eksplosjon fredag.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Pårørende tenner lys for sine kjære på New Zealand

Familiane til dei sakna gruvearbeidarane tenner lys for sine kjære på New Zealand.

For farleg å gå inn

Redningsmannskapet håpar framleis at dei skal finne overlevande inne i gruva.

NZEALAND-MINING-EXPLOSION

Redningsarbeidarane er klare, men får ikkje gå inn i gruva enno.

Foto: SIMON BAKER / Afp

NEWZEALAND-EXPLOSION/

Tunge skyer over Greymouth i dag.

Foto: TIM WIMBORNE / Reuters

– Vi konsentrerer oss stadig om å redningsaksjonen. Eg vil inn i gruva og få desse karana ut, seier politisjef Gary Knowles.

Men han vedgår at risikoen framleis er for høg på grunn av alt som går føre seg inne i fjellet.

– Eg kan ikkje sende mine menn inn i gruva før det er stabilt der inne, seier han.

Gir ikkje opp

Ifølgje statsminister John Key har prins William sendt ein e-post for å uttrykkje si medkjensle.

– Det er ei vanskeleg tid for alle, men vi er bestemte på at vi skal få alle ut, seier Key.

31 personar arbeidde i gruva fredag då eksplosjonen skjedde. To arbeidarar kom seg ut i live, 24 år gamle Daniel Rockhouse og 50-åringen Russel Smith.

Rockhoust har lagt igjen mobiltelefonen sin inne i gruva. Denne har gruvesjef Whitall ringt fleire gonger utan å få svar.

Inngangen til kullgruven Pike River på New Zealand

Arkivbilete av inngangen til kolgruva Pike River.

Foto: MARTIN HUNTER / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt