Gonder
Foto: privat

Ein sving til høgre endra alt

Ho vart valdteken på jobb for Redd Barna i Etiopia. Da ho kom heim, skal ho ha fått beskjed om å ikkje fortelje om det.

Disketten hadde «Ida» med seg heim frå Etiopia. Ho har brent mange minne. Dei vart for vonde å behalde.

Men disketten overlevde oppryddinga.

På han finst historia, fortalt av henne få dagar etter at det skjedde.

Det var ein kollega som meinte det var viktig å få dokumentert det Ida hadde opplevd, i tilfelle det vart ei politisak.

Mange år har gått. No er det oktober 2022.

Disketten er framleis ikkje opna. Ida har ikkje orka, eller våga, i løpet av alle åra som har gått.

På bordet ligg han. Kanskje det er på tide.

diskett
Foto: Morten Waagø / NRK

Ida ønskjer å hindre at andre offer blir sjukare fordi dei freistar å fortrenge det vonde. Eller blir bedne om å teie slik ho meiner arbeidsgjevaren hennar gjorde.

Historia startar i byen Gonder i det nordlege Etiopia.

Hit kom Ida på kontrakt for Redd Barna. Deltakarane i prosjektet skulle undersøke korleis kjønnslemlesting og andre overgrep mot barn kunne hindrast, i samarbeid med lokale organisasjonar.

kvinne i etiopia

Ida tilpassa seg fort livet i Etiopia. men opphaldet fekk ein brå slutt.

Etiopia

Eit av fleire bilete frå ein av turane Ida var på i Etiopia.

kvinne klemmer med et tre

Ida har alltid vore glad i tre. Biletet er tatt få dagar før valdtekta.

Svingen

Ein fredagskveld treftest fleire av dei utanlandske kollegaene på eit hotell i byen. I nitida drog gjengen på ti vidare på diskotek.

Saman med dei var også nokre lokale. Ein av dei var fast sjåfør når Ida eller andre frå Redd Barna trengde skyss, også på fritida.

Beautiful night sky
DenisNata / Colourbox

Nettene i Etiopia er mørke. Redd Barna frårådde kvinnene å gå aleine.

Tidlegare på dagen hadde Ida vorte køyrd av «Sjåføren» då ho var på eit jobboppdrag.

Han hadde ikkje vekslepengar å gje att for betalinga. Dei avtala at han derfor kunne køyre henne heim same kvelden hvis dei møttes då.

Og slik vart det, etter at Ida bestemte seg for å dra frå diskoteket.

Like før hadde Sjåføren spandert ein drink på Ida. Ho drakk berre halve, for ho synest ikkje den smakte godt.

Så sette ho seg i bilen hans.

Få meter etter at turen starta, tok han til høgre i krysset.

Det meste av det som skjedde denne natta har i periodar lege i mørkre og gitt næring til mareritt og angst hos Ida.

Men svingen har stått klart for henne heile tida. Til høgre var ikkje heim.

Ida påpeika vegvalet, men Sjåføren sa at dei først skulle dra til nokre vener.

Dei stansa ved eit lite hotell på andre sida av Gonder. Ida hadde ikkje vore der før. Ho lytta etter stemmer frå dei andre som skulle vere der.

Men det var stille og mørkt.

Sjåføren opna døra til eit rom. Der var det lys.

Så sa Sjåføren at han hadde kondomer.

Dei raude auga

To veker før var kjærasten til Ida på besøk i Gonder. Også Sjåføren hadde møtt han.

Ida rekna med at Sjåføren ville forstå at ho ikkje ville ha sex med han, fordi ho hadde kjærast.

Eg trudde eg skulle greie å snakke han frå det. Han hadde alltid oppført seg fint på turane før.

Ida ropte «neinei». Mange gonger. Det nytta ikkje. Han var mykje sterkare enn henne.

Ho kjende kva som var i ferd med å skje.

–Eg hugsar auga hans over meg. Dei raude auga.

Så svartna det for Ida.

gate i Gonder

Gatebilete frå Gonder.

Foto: privat

– Ei samankrøkt, ung kvinne

Då Ida høyrde vakta låse porten, kjende ho seg endeleg trygg.

Eg skjønte då at eg hadde vorte valdteken.

Ida budde i eit hus bak ein stor, lukka port saman med andre hjelpearbeidarar. Kollegaen Jonas hugsar den morgonen godt den dag i dag:

– Ho var sterkt prega då vi sette oss ned og snakka med henne.

Det viktigaste var å ta vare på Ida og varsle sjefen Anders i Addis Abeba.

Jonas følgde Ida på flyet frå Gonder til Addis.

Anders var den stadlege representanten for Redd Barna i Etiopia. Ein mann med lang røynsle frå hjelpearbeid i mange land.

– Då eg såg Ida, hadde eg lyst til å gje henne ein stor bamseklem. Ho var jo heilt samankrøkt. Ei ung og samankrøkt kvinne, seier Anders i dag.

– Men eg visste jo ikkje korleis ho kunne reagere. Så eg synest ikkje eg kunne røre henne for mykje.

I Addis skreiv Jonas ned historia om valdtekta slik Ida fortalde ho til han og Anders. Historia vart lagra på ein diskett.

Så starta reisa heim til Noreg med disketten i bagasjen.

Alt eg hugsar frå turen er bamsen. Eg klemte på bamsen heile tida.

Bamsen hadde Ida med seg då ho reiste på oppdraget i Etiopia. Ho hadde fått han av kjærasten sin, som ho seinare gifta seg med.

Det vart ikkje sagt mykje mellom oss på flyturen, seier Anders.

Anders drog tilbake til Addis like etter at han hadde sagt farvel på Gardermoen.

Ikkje fortel til nokon

I Noreg vart Ida møtt av Eva Torill Jacobsen, dåverande beredskapssjef i Redd Barna.

Ho hadde kontakta det lokale sjukehuset der Ida skulle undersøkast dagen etter.

Ida fortalde Jacobsen at historia frå Gonder var skriven ned i tilfelle det skulle bli ei politisak mot Sjåføren.

– I det vi går ut frå den folketomme hotellkafeen legg ho eine handa si på skuldra mi, den andre handa på armen min.

Så ser ho meg djupt i auga, veldig privat og seier:

Ikkje fortel til nokon om dette og slettes ikkje til media.

Beredskapssjef Jacobsen avviser overfor NRK at ho bad Ida teie om valdtekta.

Dette vet jeg at jeg ikke har gjort. Vi har ikke hatt som praksis i min jobb å be folk om å ikke snakke med andre. Vanligvis oppfordrer vi folk å snakke om vanskelige opplevelser med nære de har tillit og fortrolighet til.

Utdrag frå epost frå den dåverande beredskapssjefen i Redd Barna

Om måten Jacobsen skal ha berørt Ida på svarer den tidlegare beredskapssjefen:

Dette er eksempel på et kroppsspråk jeg ikke bruker, eller har brukt. Dersom Ida ønsket å fortelle historien sin i media, hadde jeg ikke hatt noe ønske om eller grunn til å hindre henne i dette.

Utdrag frå epost frå Eva Torill Jacobsen

Ida hadde kjent seg godt tatt vare på av beredskapssjefen

Det kan forklare kvifor ho hugsar formaninga om å ikkje snakke om valdtekta med andre enn dei som hadde teieplikt, meiner ho.

– Eg la jo heile livet mitt i hendene til Redd Barna.

diverse papirer fra Etiopia
Foto: Morten Waagø / NRK

Breva frå Sjåføren

To dagar etter valdtekta banka det på porten hos Redd Barna i Gonder.

Jonas opna porten på gløtt. Han får to konvoluttar og blir fortalt dei er frå Sjåføren.

«Sorry. Sorry», seier mannen som leverer dei avlange, tynne konvoluttane.

Jonas trur det eine brevet var adressert til Ida, det andre til dei andre som jobba der.

Dei bestemte seg for å levere breva til politiet utan å ha opna dei.

Sjåføren vart pågripen av politiet i Gonder ein dag eller to etter. Det stadfester fleire kjelder NRK har snakka med.

Ein av dei er Torstein som også var i kretsen til Ida og Jonas. Han var kamerat med Sjåføren, inntil valdtekta. Etter det braut Torstein kontakten med han.

Sjåføren sat i fengsel ei vekes tid.

Så slapp han ut.

Det veit Torstein for han såg han fleire gonger på gata i månadene etterpå.

Drosjen

Bilen til Sjåføren fotografert av Ida tidlegare. Den gule drosjen er eitt av minna frå valdtekta som festa seg.

Foto: privat

Dartpila

Ifølgje journalen frå sjukehuset hadde Ida tre fysiske samtalar med ein psykiatrisk sjukepleiar i løpet av fire månader, etter at ho kom heim til Noreg. Resten av kontakten var på telefon.

– Eg var jo redd for å gå ut, også på dagtid, for å møte og snakke med andre.

Journalen viser at Ida ikkje likar å vere aleine. Ho er saman med kjærasten så mykje som mogeleg. Ho søv tungt og mykje, 12 til 14 timar i døgnet. Når ho vaknar, håper ho at alt skal vere betre.

– Då visste eg ingenting om kva som var symptom på depresjon og angst. Så eg freista å ta meg saman og kome gjennom det.

Dartpil

Illustrasjon

Foto: Kari Sørbø / NRK

Ein ting har brent seg fast frå behandlinga på overgrepsmottaket:

Ho skal ha fått beskjed om å henge eit bilete av Sjåføren på veggen.

– Og så skulle eg kaste ei dartpil på biletet.

– Det var heilt, heilt hol i hovudet. For det første ville eg ikkje sjå noko bilete av han. Å kaste pil på han hadde jo ingenting å seie, seier Ida.

NRK har snakka med fagfolk som jobba ved overgrepsmottaket på den tida. Dei avviser at dartpiler på overgriparar var eit aktuelt råd å gje.

TV-aksjonen

Ida var sjukemeld i tre månadar etter valdtekta. Resten av kontraktstida skulle ho jobbe på det lokale kontoret til Redd Barna. Dette året var organisasjonen tildelt TV-aksjonen.

Pengane gjekk mellom anna til barn i Etiopia slik at dei kunne gå på skule.

Ida drog rundt til barnehagar, skular og universitet for å skape blest om innsamlingsaksjonen. Ho heldt foredrag og brukte kunnskapen ho hadde tileigna seg under opphaldet i Etiopia.

– Eg må ha henta fram nokre urkrefter for å greie dette, samtidig som eg fortrengde det som hadde skjedd.

– I ettertid har eg tenkt at eg skulle hatt ein Oscar for å skjule det.

Etter TV-aksjonen vart Ida invitert på festmiddag i Osloområdet.

Ho kjende det som «alle» visste om valdtekta, men ingen sa noko til henne.

Det var heilt surrealistisk å vere der. Eg sat mest og observerte festen rundt meg. Eg var veldig ukomfortabel.

Mens ho såg at folk koste seg med alkohol, byrja ho å tenkje på det som hadde skjedd i Etiopia.

Tankane hennar byrja å springe løpsk: Kunne ein rusa person her brått overfalle henne?

Kva kunne skje om ho gjekk mot hotelromet aleine?

I dag veit Ida at panikkangst og katastrofetankar er typiske for personar med Posttraumatisk stressyndrom (PTSD).

Ingen kontakt med Redd Barna

I løpet av halvåret på det lokale Redd Barna-kontoret var det ingen frå leiinga i Oslo som kontakta henne om valdtekta og korleis det gjekk, fortel ho.

Beredskapssjefen slutta nokre år etter. Ida snakka med henne på telefon og dei vart samde om å møtast. Det skjedde aldri.

Nå i ettertid beklager jeg at jeg ikke konkret tok initiativ til et møte

Utdrag frå epost frå Eva Torill Jacobsen, dåverande beredskapssjef i Redd Barna

Jacobsen meinte Ida ville få god oppfølging både fysisk og psykisk på sjukehuset.

Journalen viser at sjukehuset informerte Jacobsen etter første konsultasjonen med Ida.

Jacobsen kan ikkje hugse om ho hadde fleire telefonsamtalar med ho.

Dersom Ida nå i ettertid opplever at vi burde ha fulgt henne tettere opp, beklager jeg at vi ikke gjorde det.

Utdrag frå epost frå Eva Torill Jacobsen

Då ho var ferdig i jobben fekk Ida ein god attest på halv anna side frå Redd Barna. Attesten slutta slik:

Bilde viser attesten som Ida fikk da hun var ferdig i Redd Barna

Skjelett i skapet

Ida kjende seg aleine og gløymd. Dersom nokon spurte kvifor ho hadde kome heim frå Etiopia før planen, snakka ho det bort. For ho hugsa jo samtalen om å ikkje snakke om det.

Dei første åra freista ho å halde fram med livet sitt. Ho byrja i ny jobb og fekk fleire barn. Mannen arbeidde borte. Ida var mykje aleine med ungane.

Hjarteflimmer, mareritt og katastrofetankar gjorde henne søvnlaus og deprimert.

Ho hadde ein krevjande jobb. Innimellom vart sjukemelding løysinga.

Fastlegen sa at Ida kanskje hadde nokre «skjelett i skapet».

Eg skjønte eg måtte «tilbake til Etiopia» i sinnet, men kroppen ville ikkje.

– Når forstod du at du var sjuk?

Svaret kjem fort:

– Det var då eg stod på verandaen. Brått ser eg Sjåføren som eit hologram framfor meg. Det her er jo ikkje friskt, tenkte eg.

Etter utgreiingar hos psykolog fekk Ida i 2012 diagnosen:

Pasienten har posttraumatisk stress lidelse etter overgrepet. Hennes langvarige sykemelding er åpenbart knyttet til denne lidelsen. Hun er tidligere psykisk frisk. Slike stressreaksjoner som dette er ofte langvarige og kan også oppstå forsinket.

Utdrag frå erklæring frå psykologspesialist

Men heller ikkje til psykologen fortalde Ida om valdtekta anna enn at det hadde skjedd.

Og disketten låg framleis uopna i ei eske.

Barn i Etiopia

Ida brende mange av bileta frå Etiopia. Dette tok ho vare på fordi det framkalla gode minne om det ho var med på.

Foto: Privat

Ubehandla traume

Sjølv om ho fekk diagnosen PTSD i 2012, skulle det ifølgje Ida gå åtte år til før ho fekk den rette hjelpa.

Ho skjønte ikkje sjølv at traumet etter valdtekta også måtte behandlast. Det finst ulike behandlingar for traume. Behandlinga som kan verke godt på ein person, kan vere mislukka for andre. Ein del med PTSD blir aldri friske.

Angst og søvnproblem freista ho å dempe med eit glas vin eller to før ho la seg. Også på dagtid kunne ho ta seg eit glas, mens ungane var vakne.

Ida forstod at ho drakk for mykje.

Ho la seg frivillig inn for rusbehandling og fekk ei ny diagnose: «Alkoholavhengigheit».

«Funksjonsevnen er redusert over flere år hvor langvarige og gjennomgripende traumesymptomer har svekket både hennes kognitive, emosjonelle og relasjonelle evner.

Utdrag frå legeerklæring

Fagfolk er samde om at å fortrenge ei valdtekt eller ikkje fortelje om ho, er svært skadeleg.

– Når du går med ubehandla PTSD er jo hjernen opptatt. Han får ikkje tid til å jobbe, seier Ida.

For Ida vart EMDR løysinga i 2020. Dette er ein samtaleterapi der pasienten blir beden om å hugse noko frå hendinga.

No måtte Ida fortelje. Gå tilbake til kvelden i Gonder.

Etter at Sjåføren tok til høgre i krysset.

Retten: Valdtekta sentral

Nokre år før hadde Gjensidige betalt ut ei mindre erstatning for varig fysisk skade etter valdtekta. No hadde Ida også blitt 100 prosent arbeidsufør. Difor kravde ho også meir i yrkesskadeerstatning.

Gjensidige meinte det ikkje var sannsynleggjort at valdtekta var den einaste årsaka til at ho no var ufør.

Men tingretten var usamd og dømte Gjensidige til å betale ut resten.

Et bilde fra en rettsal.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Retten utelukka ikkje at andre forhold hadde vore med på å forverre uføregraden til Ida. Men:

«Voldtekten fremstår imidlertid som en sentral del av årsaksbildet» står det i domen frå 2022.

Retten ser ikkje bort frå at skadene til Ida hadde vorte mindre dersom ho tidlegare hadde kome til behandling for traumene.

Om det sterke ønsket frå Ida om å halde fram med å jobbe, står det i domen:

Avslutningsvis vil retten bemerke at saken bærer preg av at N.N– helt siden voldtekten (...) har hatt et sterkt ønske om å være i 100% arbeid. Retten legger til grunn at dette kan ha medført at hun har presset kroppen mer enn hun burde over en lengre periode, slik at forverringen i skadeomfang og uføregrad etter høsten 2016 også kan ha sammenheng
med dette.

utdrag frå dommen

Alarmklokkene burde ha ringt

Når NRK fortel Anders kva som har skjedd med Ida i åra etter, blir han svært fortvila.

– Det som skjedde i Gonder var ei grufull historie. Eg har tenkt mykje på Ida seinare.

– Når ein stadleg representant kjem heim med ei ung, valdteken kvinne, så bør det jo ringe nokre alarmklokker i Redd Barna.

– Dersom det ikkje skjedde, så er jo det for dårleg, seier Anders.

Portrett av organisasjonsledere

Dåverande utanlandssjef i Redd Barna, Tove Romsaas Wang, vart orientert om valdtekta.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Dåverande generalsekretær Gro Brækken og utanlandssjef Tove Romsaas Wang vart informerte om valdtekta av beredskapssjefen.

Begge meiner saka vart godt handtert av Anders, som følgde henne til Noreg, og av beredskapssjefen som sørga for avtale på sjukehuset.

– Ein kan kanskje, i lys av det vi no veit, argumentere for at klokkene skulle ha halde fram med å ringe etter at Ida vart tatt vare på av profesjonelle, seier dåverande utanlandssjef Tove Romsaas Wang.

Om påstanden om at beredskapssjefen bad Ida teie, svarer Wang:

– Det er veldig usannsynleg at Eva Torill bad Ida legge lokk på saka. Det høyrest veldig ulikt henne.

– Kvifor skulle Ida lyge om dette?

– Eg påstår ikkje at nokon lyg. Men det er tydelegvis ulike oppfatningar av kva som vart sagt. Med det vi no veit burde Redd Barna ha følgd opp Ida også etter at ho var på sjukehuset. Det er i ettertid lett å sjå at det kunne ha vore til god hjelp.

Redd Barna melde aldri saka til politiet i Gonder. Lover mot seksuelle overgrep var i praksis fråverande i etiopisk rettsvesen. Dette fortel fleire kjelder i hjelpeorganisasjonar som har røynsle med arbeid i Etiopia, til NRK. Samarbeidsprosjektet som Ida var med på vart nedlagd året etter.

Linn Huse-Amundsen er HR-direktør i Redd Barna i dag.

– Eg kjenner svært lite til saka som ligg (...) år tilbake i tid. Men så lenge kvinna fortel at ho har vorte bede om å ikkje snakke om saka, så tek vi dette svært alvorleg. Vart det sagt, er det i strid med våre rutiner.

kvinne ved tre
Foto: Morten Waagø / NRK

På veg oppover

Det er oktober 2022. Ute fell lauvet. Ida er i ferd med å reise seg.

Terapien ho byrja i har gjort henne så frisk som ho kanskje kan bli.

– Eg er framleis på veg oppover. Men eg er vel på det beste eg har vore sidan Etiopia.

Bortsett frå då eg var i barsel heime med ungane. Det var heilt nydeleg. Då var eg i mi eiga boble. Då kan ingenting vondt skje i verda.

Ida har betalt ein høg pris ved å ikkje fortelje vener og familie kva som skjedde i Etiopia.

– Eg har jo stengt ute mange folk på grunn av problema mine.

På bordet ligg disketten. Ida er klar.

Manuset som kjem opp på skjermen, er på halvanna tettskriven A4-side.

Ida får lese i fred og aleine.

Ho synest det er synd at ho ikkje har gjort det før. Men ho grudde seg.

År med skuldkjensle, innbillingar og skam.

Ho var redd det var detaljar på disketten som ho ikkje ville vete.

Ho hugsar det slik som det står der.

Ida ønskjer å vere anonym av omsyn til familien sin. For å unngå identifisering, har NRK også valt å omtale kollegaene hennar frå Etiopia med andre fornamn.

ved Pc-en

Etter 19 år les Ida for første gong det som er på disketten om valdtekta. I nesten tjue år sleit Ida med traume som ho ikkje fekk behandling for.

Foto: Morten Waagø / NRK