"Anne" mobbesak

«Anne» veit ikkje om ho nokon gong greier å gå på skule og få seg ei utdanning.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Saksøker kommunen etter å ha blitt mobba i fleire år

Ho er 18 år og greidde å gjennomføre ungdomsskulen. Så vidt. Etter fleire år med mobbing sit ho no igjen med diagnosen posttraumatisk stressliding og medisinsk invaliditet.

Kari Sørbø
Journalist
Malin Sveinsdotter Lystad

Det er skuleavslutning på ungdomsskulen til «Anne». Ho skal synge for både lærarar og medelevar. Nokre av desse elevane har mobba ho i fleire år. Sjølv om det er siste skuledag har dei ikkje tenkt å la ho sleppe unna.

– Etter generalprøva fekk eg meldingar om at dei hadde bestemt seg for å ikkje klappe då eg var ferdig med å synge, fortel ho.

«Anne» ville trekke seg.

– Eg blei redd, men det verste av alt var at skulen hadde plassert mobbarane på fyrste rad.

«Anne» gjekk opp på scenen den kvelden. Sjølv om ho var redd.

– Det angrar eg ikkje på.

Det er no nokre år sidan skuleavslutninga. «Anne» møter NRK ein fin sommardag på Rotvoll i Trondheim. Ho har sjølv vald staden.

Her har ho gode minne frå klasseturar på barneskulen. Men her går også toglina gjennom det vakre landskapet.

Ryktespreiing og utestenging

På barneskulen var «Anne» ei glad jente, som likte å gå på skulen og som gjorde leksene med glede.

Då ho byrja på ungdomsskulen i åttande, hamna ho og bestevenninna i kvar si klasse. «Anne» fekk ein ny venegjeng.

– Det verka som om den tidlegare bestevenninna mi ikkje likte det. Ho ville ha kontroll med kven eg var i lag med og kva eg gjorde. Etter kort tid merka eg at dei nye venene mine trekte seg unna meg. Det skjedde veldig fort, fortel ho.

På Facebook vart ho mot sin vilje meldt inn i nye grupper der venene hennar skal ha fortalt om korleis ho var. «Anne» visste ikkje om ho skulle tru på det ho las. Det stod også at ho hadde sett ut rykte, noko ho seier ho ikkje gjorde.

Blikk, tisking og utestenging på skulen auka i løpet av åttande klasse.

På mobilen kom det meldingar, dag og natt. Ho fekk ikkje sove. I byrjinga svarte ho på nokre av meldingane, for å ha «kontroll», som ho seier og å få dei som sende dei til å stoppe.

"Anne" mobbesak

«Anne» har følt seg mykje aleine etter at ho byrja på ungdomsskulen.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Etter kvart gav ho opp.

– Det verka som om nokon freista å skape konflikt og øydeleggje for meg. I byrjinga sa eg til meg sjølv at eg måtte ta meg saman. At det sikkert berre var eg som overreagerte.

Men det gjekk ikkje mange månadene før «Anne» kjende seg veldig aleine og utan vener i klassen.

Det starta med den tidlegare bestevenninna og eit par-tre til. Etter kvart utgjorde kjernen som plaga henne rundt ti personar.

Det gjekk eit år før ho fortalde til foreldra kor ille det var. Då var ho byrja i niande klasse, men det vart for tungt. Ho byrja å skulke.

– Då måtte eg jo forklare kva som hadde skjedd.

Nattlege husbesøk

– Intens nettmobbing, manipulerte pornografiske bilete av «Anne» og mobilmeldingar døgnet rundt. Og fleire besøk av mobbarane nattetid.

Slik summerer opp far «Jan» kvardagen for dottera si. Ein kvardag som snart prega heile familien.

Då «Anne» etter kvart fortalde foreldra litt om det ho gjekk gjennom, tok foreldra kontakt med skulen og kommunen i 2012.

– Eg sa at dei måtte få slutt på dette. Ta saka mens det enno delvis er bagatellar, ikkje vent til det blir krise og katastrofe. Det finst mange verktøy og planar for tiltak mot mobbing, seier far.

Etter fleire møte mellom skule og foreldre, vedgjekk dei aktuelle mobbarane det dei hadde gjort. «Anne» hadde tatt vare på meldingar og skjermdumpar frå nettet, slik at det var vanskeleg å nekte. Far bad rektor ved skulen om å flytte den tidlegare bestevenninna til «Anne» til ein annan skule. Han fekk som svar at det kunne dei ikkje gjere.

Men skulen lova å legge til rette for «Anne»

– Eg forventa at eg skulle få vere i fred i friminutta, at eg skulle vere trygg, gå og finne bøkene mine, gå til neste time, hente jakka og skoa i skapet og gå heim, utan å vere livredd for å møte nokre av dei som mobba, og kva eg då skulle seie.

Skulen lova å møte henne på morgonen då ho kom, slik at ho skulle sleppe å gå gjennom kantina og gangane aleine. Men det skjedde ikkje i dei første avtalane. Då stod «Anne» aleine med dei som plaga henne rundt seg og venta på dei vaksne som skulle vere der for å gjere henne trygg.

I tiande klasse var ho lite på skulen. Ho fekk etter kvart undervisning heime etter påtrykk frå foreldra. Men det var berre månader før eksamen og avslutning. Fleire gonger nattetid dukka dei som plaga henne opp utanfor heimen og kasta egg, steinar, yoghurtbeger og fotballar på husveggen.

– Eg hadde slutta å gå på skulen, men likevel kom dei heim til meg og plaga meg. Først vart eg redd, så sint, fortel «Anne».

«Jan» tilkalla politiet og fekk beskjed om å sørge for at ungdomane vart verande til patruljen kom. Så «Jan» heldt ein av ungdomane igjen, dermed vart han politimeld av foreldra.

Saka vart etter fleire månader lagt bort av politiet.

– Hadde berre fokus på kva som feilte meg

«Anne» vart tilbydd hjelp hos Barnepsykiatrisk poliklinikk (BUP). Her hadde ho timar i til saman eitt år.

– Eg blei tilvist til BUP då eg var 13–14 år. Då følte eg meg veldig trygg. Eg stolte jo på at dei kunne det dei heldt på med og at dei ville hjelpe meg. Men eigentleg gjorde det alt mykje verre, fordi dei berre hadde fokus på kva eg ikkje kunne og kva som feilte meg. Dei hadde også utgreiingar for diagnosar eg ikkje hadde.

Ho var gjennom mange testar, mellom anna på kor kjapt ho klarte å tenkje.

– Eg gjorde oppgåver, og då var eg på nivå med ein femteklassing.

«Anne» vart spurt om ho trudde ho hadde Asbergers syndrom.

– Eg har aldri hatt noko problem med å kommunisere med andre eller å lære, seier ho.

Då familien bestemte seg for å gå rettens veg, vart psykologspesialist Svein Øverland engasjert for å undersøkje «Anne».

Han konkluderte med at «Anne» har utvikla posttraumatisk stressliding (PTSD) og er medisinsk invalid.

Øverland vil av prinsipielle grunnar ikkje utdjupe sin eigen rapport sidan den er ein del av bevisgrunnlaget som retten skal ta stilling til.

Utan støtta og hjelpa frå mor og far, hadde eg ikkje vore her.

«Anne»
"Anne" mobbesak

Far til «Anne» seier dei fekk høyre frå skulen at foreldra var «brysame».

Foto: Kari Sørbø / NRK

Den usynlege mobbinga

Generelt seier Øverland dette om korleis mobbing påverkar ofra:

– Å ha sosial kontakt er kanskje det viktigaste for eit menneske. Å bli utestengd og plaga kan føre til at særleg barn kjenner seg verdilause og at det er deira eiga skuld at ingen vil vere i lag med dei.

Ifølgje forskinga har mobbinga i barneskulen falle frå ti prosent i 2008 til fire i dag. Kor mykje av dette som er fysisk mobbing og kor mykje som er utestenging og digital trakassering, er vanskeleg å seie, fortel Øverland.

Røynsla hans som behandlar er at ein del lærarar ikkje er medvetne om at dagens mobbing er meir enn den synlege som ein ser på skulen. Dei fleste ungdomar er på sosiale media heile tida, også i skuletida, anten det er lov eller ikkje. Læraren ser kanskje då berre ein fysisk, utagerande reaksjon frå ein elev som har fått ei stygg, digital melding og ikkje forklaringa på reaksjonen.

Svein Øverland

– Å ha sosial kontakt er kanskje det viktigaste for eit menneske. Å bli utestengd og plaga kan føre til at særleg barn kjenner seg verdilause, sier Svein Øverland.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Mange barn er øydelagde

Det er mange teoriar om kvifor barn startar å plage andre.

– Den djupe er jo at menneska er flokkdyr med ein hakkeorden og då må éin vere nedst, seier Øverland.

Ein teori er at dei som mobbar er usikre, ein annan at mobbarane har eit behov for å skade andre. Vi veit ikkje. Men det vi ikkje må gjere er å oppfatte dei som mobbar som svake for det er dei ikkje.

– Vi vaksne har ofte ei førestilling om at barn berre er søte og uskuldige. Dei er jo ikkje det. Barn kan vere slemme og vondsinna, akkurat som oss vaksne.

Eg vart spurt om eg trudde eg hadde Asperger.

«Anne»

Øverland har behandla mange som har vorte mobba. Og diagnosen PTSD har dei seinare åra vorte utvida til å ikkje berre omfatte nokre av dei som har opplevd krig, drap og store ulukker. No kan også barn som ikkje har gjennomlevd ei større enkeltkatastrofe, men fleire mindre og svært belastande påkjenningar få diagnosen.

– Det ser vi i psykologien også der folk ikkje har opplevd éi stor katastrofe, men slitasje over lang tid. Særleg hos barn kan dette vere meir skadeleg enn eit enkelt traume, seier Øverland.

Etter å ha behandla mange born som har vore mobba har Øverland sett kor store konsekvensane kan bli.

– Mitt inntrykk er at mange av dei rett og slett er øydelagde. Så enkelt er det. Kanskje vart dei mobba alt i barneskulen og det gjekk fleire år før det eventuelt vart gjort noko. Eller dei fekk behandling utan at det vart avklart kva som var gale før behandlinga starta, og derfor vart dei feilbehandla.

–​ Dei har også ofte dårleg samvit overfor foreldra fordi dei vart veldig slitne. Nokre endar diverre opp i rusmisbruk eller sjølvskading, fortel Øverland.

Medisinsk invaliditetsskala blir brukt både på fysiske og psykiske skader. Har du mista eit par fingrar, er det ganske enkelt å fastsette kor «invalid» vedkomande er i prosent.

– Psykiske lidingar kan vere vanskelegare å plassere, seier Øverland. Det er også berre to lidingar på skalaen: PTSD og psykose.

"Anne" mobbesak

«Anne» har fått mykje støtte av foreldra.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Å vere «brysam»

Far og mor til «Anne» har brukt mykje tid og krefter på samtalar, møter og e-postar med skulen og Trondheim kommune. Dei har samla over 100 sider med dokumentasjon.

Far «Jan» seier det slik:

– Trondheim kommune som skuleeigar gjorde ikkje jobben sin. Dei var veldig opptatt av «Anne». Alt fokus var på henne. Men kva med dei som mobba? Fekk det nokon konsekvensar? Eg har i alle fall ikkje fått vete noko, og den dag i dag blir «Anne» til tider plaga av ungdomar frå gjengen.

«Jan» seier dei fekk høyre frå skulen at foreldra var «brysame». Slik han oppfatta det, var det meint negativt.

– Foreldre skal vere «brysame». Det gjeld ungane vår. Eg er laga slik at eg finn meg ikkje å bli «kødda» med. Når eg les kor mange ungar som kvar dag gruer seg til å gå på skulen her i landet, blir eg lei meg og sint.

«Jan» har også engasjert seg i Foreldrenettverk mot mobbing.

Han har brukt mykje tid på å sette seg inn i litteratur om mobbing. Han er glad for domen i Høgsterett frå 2012 og ikkje minst rettsavgjerdene seinare som tydeleg pålegg skule og kommune å sette inn tiltak mot mobbarane.

– Det oppfatta eg ikkje at Trondheim kommune gjorde i vårt tilfelle.

No blir Trondheim kommune saksøkt for brot på opplæringslova.

– Skulane må bli «tøffare i klypa» mot mobbarane

Arvid Kjærvik er advokat for familien til «Anne». Han har mange mobbesaker frå foreldre på bordet sitt. Fleire har enda i retten og kommunar har vorte dømde til å betale erstatning. Den nyaste domen er frå Romsdal tingrett i juli. Ein kommune i Møre og Romsdal vart dømd til å betale 2,7 millionar kroner i erstatning til ein tidlegare elev.

Det er Opplæringslova som er rettesnor for korleis kommunar skal opptre som skuleeigarar. Skulen skal fremje eit godt psykososialt miljø for elevane. I lova blir det slått fast kva plikter skulen har når det kjem meldingar om mobbing, diskriminering, vald eller rasisme.

– Når skuleeigar ikkje strekkjer til og sviktar slik at elevane blir sjuke, får varig skade, meiner eg arbeidsgjevar har eit ansvar etter Skadeerstatningslova fordi kommunen har vore aktlaus, seier Kjærvik.

I 2012 fall domen i Høgsterett som vart eit skifte i mobbesaker.

– Høgsterett slo fast at skuleeigar har plikt til å sette inn tiltak direkte mot mobbarane og ikkje slik som vi framleis ofte ser, berre mot den som blir mobba, seier Kjærvik.

Han er ikkje kjend med at elevar som gjekk til sak før 2012 vann fram i rettssystemet i det heile tatt.

– Skulane må bli «tøffare i klypa» mot mobbarane og eventuelt vere så pass tøff at dei blir flytta.

Kjærvik viser til at mykje av kontakten blant ungdomar i dag går føre seg via sosiale medium. Det kan bety at det kan vere vanskelegare å nøste opp og konfrontere mobbarane. Men konsekvensane er like alvorlege.

– Dersom du på fritida blir truga med at du ikkje må tore å gå på skulen, så har sjølvsagt skulen plikt til å gripe inn.

Kjærvik vende seg til Trondheim kommune i november 2016 for å få ei minneleg løysing på saka, utanfor rettsapparatet. Kommunen sende saka til forsikringsselskapet sitt, som avslo å dekkje kostnader. Dermed vart rettssak neste steget.

Sør-Trøndelag tingrett må ta stilling til om Trondheim kommune har ansvar for dei skadane «Anne» har fått, ein såkalla «fastsettingsdom». Får «Anne» medhald, blir neste steg å krevje erstatning. Det same skjedde i ei mobbesak frå Malvik kommune.

– Det skal ikkje vere enkelt å vere mobbar i Trondheimsskulen.

Kommunalsjef for skule i Trondheim kommune, Eva-Elisabeth Belboe vil ikkje snakke om saka til «Anne» sidan kommunen no blir saksøkt. Belboe viser til at alle skulane i kommunen har handlingsplan mot mobbing. Rektor skal tidleg inn om ikkje saka blir løyst på klassenivå med kontaktlærar.

Eva Elisabeth Belboe

– Det skal ikkje vere enkelt å vere mobbar i Trondheim kommune, seier kommunalsjef for skule i Trondheim kommune, Eva-Elisabeth Belboe.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Det er dei vaksne på skulen som har ansvaret for å ta tak i saka tidleg og finne ut kva som har skjedd og kva som skal gjerast.

Når NRK viser til at foreldra til «Anne» kjenner det slik at alt fokus vart sett inn på henne mens mobbarane såg ut til å kunne halde fram, viser Belboe igjen til at ho ikkje kan kommentere saka.

– Men generelt kan eg seie at i mobbesaker er det ikkje alltid at den eine parten veit kva tiltak som blir sett inn mot den andre parten, i dette tilfellet mobbarane.

Hausten 2016 vart det kjent at Trondheim kommune hadde gjort lite gjennom mange år i ei sak der ein lærar hadde plaga elevar.

Det verka som om nokon freista å skape konflikt og øydeleggje for meg.

«Anne»

Frå 1. august blir opplæringslova endra. No kan foreldre klage til Fylkesmannen dersom dei meiner at skulen gjer for lite for å stoppe mobbing.

Ansvaret kommunen har, også for å mobbing på fritida, blir styrka.

– Men det har Trondheim kommune praktisert lenge, fordi det som skjer på fritida ofte har konsekvensar for eleven på skulen, seier Belboe.

– Du skal få ein sjanse til dersom du ønskjer å seie noko om kva du synest om saka til «Anne», slik vi har presentert den for deg no.

Toglinje

– Eg har aldri prøvd å ta livet av meg, men eg har planlagt det mange gonger, seier «Anne».

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Det er trist at ein elev i Trondheimskulen kjenner seg krenka. Det ønskjer vi ikkje. Det ønskjer vi ikkje for nokon av elevane våre. Det er trist, seier kommunalsjef Belboe.

På Rotvoll i Trondheim skin framleis sola frå nesten blå himmel då NRK avsluttar intervjuet med «Anne» og «Jan».

– Eg gjekk mykje her då eg hadde svarte tankar og ikkje visste kva eg skulle gjere, seier «Anne».

Faren var mange kveldar ute og leita etter dottera då ho forsvann heimanfrå. Han visste at ho ofte drog til Rotvoll. Han var livredd for det verste: At ho stod der og venta på eit tog, men ikkje for å gå om bord.

– Eg har aldri prøvd å ta livet av meg, men eg har planlagt det mange gonger. Eg kjende meg heilt aleine og at dei som plaga meg fekk berre halde på.

– Utan støtta og hjelpa frå mor og far, hadde eg ikkje vore her. Då hadde eg mest sannsynleg enda livet mitt for lenge sidan, seier «Anne» og tek faren sin godt i handa.

NRK har sett mange av meldingane «Anne» fekk, både på mobil og i sosiale medium. Av omsyn til dei involverte i saka har NRK valt å ikkje publisere meldingane.