Hopp til innhold

Vil trekke «grøn strek» rundt Trondheim

Eit fleirtal av politikarne i Trondheim går inn for å etablere den omstridte «grøne streken», som skal verne delar av landbruksarealet i byen mot nedbygging.

Eit fleirtal av politikarne i Trondheim går inn for å etablere den omstridte «grøne streken», som skal verne delar av landbruksarealet i byen.

Bygging på den grøne streken i Trondheim.

Kart over grønn strek

Dette er eit førebels kart som er sendt ut frå rådmannen i Trondheim. Kartet som blir sendt ut på høyring, vil truleg bli noko justert.

Foto: Trondheim kommune

Bakgrunnen for dette forslaget er at Trondheim, til liks med dei andre større byane i landet, har ein sterk befolkningsvekst. Prognoser viser at byen kan få over 50.000 innbyggjarar fram til 2030. Da trengst det bustadar, og det er fristande å ta av dyrkamarka.

Ideen om ein slik grøn strek har vore debattert i fleire år.

Framstegspartiet og Høgre meiner at eit slikt vern vil gjere det vanskeleg å etablere ny verksemd i kommunen.

Må sikre matjorda

Geirmund Lykke

Geirmund Lykke, Kristeleg Folkeparti.

Foto: Morten Andersen / NRK

Kristeleg folkepartis kommunalråd Geirmund Lykke er derimot klar på at ein slik grøn strek er heilt naudsynt for å verne areal til matproduksjon.

– Trondheim kommune må sikre dyrkamarka rundt byen på eit betre vis enn vi har gjort fram til no, seier han, og viser til at det allereie er opna for utbygging fleire stader.

– I den siste runden med arealdelen i kommuneplanen, tok vi i bruk 2000 dekar dyrkamark. Det er eit stort potensial for å bygge nye bustadar i desse områda, kor det allereie er lagt til rette for det. No må vi ta vare på den dyrkamarka vi har att, for å sikre tilgang på mat og korn for befolkninga i Noreg i åra framover, seier Lykke.

– Dårleg ide

Elin Marie Andreassen i Frp ser at matjorda er under veldig sterkt press for utbygging.

Elin Marie Andreassen mener veisaltinga må reduseres

Elin Marie Andreassen, Framstegspartiet.

Foto: Ole Jørgen Finnes

– Det var nettopp derfor vi tok i bruk ein del bynært areal da vi rullerte arealdelen i kommuneplanen sist. Målet var å redusere presset på dei store, samanhengande områda i utkanten av byen.

Ho meiner at ein grøn strek er ein dårleg ide.

– Ein ufråvikeleg grøn strek gjer at vi fort ender opp i situasjonar kor vedtaka framstår som urimelege. Det ser vi òg i saksframlegget, streken er rett og slett plassert utan å sjå på eigedomsgrensa, seier ho.

Saka blir no sendt ut på høyring.