– Vi må slutte med fossile drivstoff, i alt frå motorsaga til cruiseskipa, og der i mellom er også fritidsbåtane, seier Ola Elvestuen.
NRK møtte stortingsrepresentanten frå Venstre på ei bryggje med elbåtar i Oslo sentrum.
Han var der saman med Birgit Marie Liodden, som leiar Norsk Elbåtforening.
Ifølgje ho er lademoglegheitene og teknologien i elektriske båtmotorar gode nok. Men prisen på elbåt er høgare.
Elbåtforeningen vil derfor at Stortinget skal gjere det billegare. Med dei same verkemidla som dei har brukt for elbil.
– Det kan gå på moms og avgifter, prisar på ulike faste kostnadar og hamneavgifter, seier Liodden.
Hjelper ikkje
– Utslepp frå fritidsbåtar er eit lite problemområde i den store klimagassamanhengen. Det seier Anders Valland om forslaget til Venstre.
Han er forskingsleiar i Sintef Ocean. Dei anbefaler heller å kutte i utsleppa frå andre som ferdast på sjøen. For eksempel skipsfart, som står for betydeleg større utslepp av klimagassar.
– Dei fleste som tar ein rundvask startar ikkje med å polere bordet, vi startar ikkje med finvasken, den tar vi heilt til slutt, seier Valland.
Meiner alle monnar dreg
Ola Elvestuen ønskjer også å bruke avgiftssystemet til å få fart på elektrifiseringa av småbåtflåten. Dette vil gjere det enklare å ta miljøvennlege val, meiner politikaren.
– Vi må fjerne momsen på elmotorar også for fritidsbåtar, og så må vi auke avgiftene på dei fossile båtane, seier han.
Sintef -forskaren meiner elektriske fritidsbåtar er feil ende å begynne i.
– Kan ikkje Noreg gå føre her og vise resten av verda sjøvegen?
– Jo, ein kan få teknologiutvikling på dette, men viss ein ønskjer å gjere det med tanke på klimagassutslepp, vil det framleis – sjølv om ein elektrifiserer heile verdas fritidsbåtflåte – faktisk ikkje bety noko som helst, avsluttar Valland.