Hopp til innhold

Tunge dyner kan hjelpe barn med ADHD å sove betre

Dei søv lenger om natta og vaknar færre gonger, seier forskar.

En person ligger i ei seng i et blått rom. Dyna hun har på seg er ei vektdyne eller ei kuledyne. Den er tyngre enn vanlig, og brukes blant annet av folk med ADHD for å sove bedre.

TUNG: Ei dyne med ekstra vekt ligg tett rundt deg når du søv, og nokon synest det gir ro.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

Du ligg i senga og vrir deg. Beina er urolege og tankane held fram med å trengje på. Det kan vere ei kjend kjensle for mange.

Men for folk med ADHD kan problem med å sove godt vere større enn for andre.

Ein del har vore tilhengarar av ekstra tunge dyner med kuler eller fibrar i for å få ro i kroppen.

Men det har lenge vore usikkert om dynene som veg mange kilo, faktisk fungerer for å få folk med ADHD til å sove.

No viser ein ny svensk studie, som er gjort blant 94 svenske barn, at det nyttar.

Illustrasjon demens

Voksne med ADHD har økt risiko for å utvikle demens

– Meir utkvilt

Isabel Torsvik testa dyner med ekstra vekt som tenåring. Dette testa ho i tillegg til at ho tok melatonin. Ho brukte både kastanjedyne og kuledyne.

– Eg sleit veldig med å falle i søvn. Og då eg hadde den vanlege dyna, kjende eg at eg ikkje fekk den avslappande, indre roa.

Isabel Torsvik ligger under dyna med lukkede øyne. Hun har et stripete dynetrekk.

Dyner med ekstra vekt hjelpte Isabel Torsvik å roe seg ned om kvelden, også når det kribla ekstra i beina.

Foto: Silje Torsvik Eek

På nettene låg ho til dømes og teikna eller las fordi ho ikkje fekk sove.

– Den uroa og energien som eg brukte på å vri meg og liksom tulle dyna i rett fasong, han vart mindre då eg då brukte vektdyne og kuledyne.

Også mora hennar, Silje Torsvik Eek, merka forskjellen.

– Ho fekk betre søvn, som gjorde at ho var meir utkvilt. Ho klarte å konsentrere seg mykje betre på skulen, og var meir uthaldande etter skulen til lekser.

Silje Torsvik Eek og Isabel Torsvik tar en selfie sammen. De ser inn i kamera. De har på seg hver sin genser hvor det står "ADHD Back on track" speilvendt.

Silje Torsvik Eek og dottera Isabel har begge ADHD.

Foto: Isabel Torsvik

I tillegg til at Isabel sovna fortare, slapp ho å vakne så ofte om natta.

– Nettopp fordi den vanlege dyna er mykje lettare å sparke av seg, eller at ho vrir seg fordi du er uroleg, seier mora som også er styremedlem i ADHD Noreg Telemark.

Men for familien vart det for dyrt å kjøpe kuledyne til mange tusen kroner etter at tilbodet vart fjerna hos hjelpemiddelsentralane.

– Eg kunne tenkt meg den dag i dag og halde fram med dyna, seier Isabel Torsvik.

I dag er det fagfolk ved sjukehusa som avgjer om nokon skal få vektdyne som del av behandlinga eller ikkje. Elles må ein kjøpe det sjølv.

Kan forandre liv

– Resultatet viser at barn som bruker vektdyner søv lenger om natta, og vaknar færre gonger, fortel Ingrid Larsson til SVT. Ho er prosjektleiar for den svenske studien.

Ho håpar at studien kan gjere at barn får fleire tilbod, også utan at dei må bruke sovemedisinar.

– Nokre foreldre har sagt at det har forandra livet deira, seier ho.

Dei fortel, ifølgje forskaren, at dei har fått betre tid på kveldane fordi barnet tidlegare har hatt problem med å få sove på kvelden.

Felicia

FHI: Flere unge jenter og kvinner får ADHD-diagnoser

Vil vite meir

Berit Hjelde Hansen er spesialist i barne- og ungdomspsykiatri og styremedlem i Norsk foreining for søvnmedisin.

Ho seier at mange med ADHD beskriv at dei har søvnproblem, og at det er ein god del som har prøvd vektdyner.

– Det er fleire som opplever at det gir god hjelp, men det har mangla gode studiar på det.

Berit Hjelde Hansen smiler mot kamera. Hun har krøllete, grånende hår og en grå og svart overdel.

Berit Hjelde Hansen seier dei fleste med ADHD har andre psykiatriske utfordringar i tillegg.

Foto: Marit Skram / OUS

Hansen fortel at dei svenske forskarane har sett på barn som berre har ADHD, utan andre psykiatriske problem i tillegg. Ho understrekar at den rapporterte effekten barna opplevde ikkje var kjempestor.

– Eg trur vel at denne vektdyna kan hjelpe nokon med søvnproblem, men vi treng å finne ut meir om kven det er.

Hansen seier også at folk med søvnapné, eller andre søvnsjukdommar som treng behandling, ikkje bør bruke vektdyner.

Tidlegare forsking har antyda at vektdyner kan fungere bra, også for folk utan ADHD.

Råd for å få sove

Hjelde Hansen har fleire råd for å klare å komme til ro når det nærmar seg natta.

  • Kom deg ut medan det er dagslys.
  • Demp lyset på kvelden.
  • Sørg for ein regelmessig døgnrytme.
  • Ha faste rutinar når du skal leggje deg
  • Ikkje ta ein krangel om kvelden.
  • Unngå å ta opp bekymringar rett før du skal leggje deg.

Ole Gabriel Mendiolaza Karlsen

Må kjøre over 140 km for å få tak i ADHD-medisin: – Ikke alle har den muligheten