– Dette er sjeldan kost. Det er ikkje ofte at så mange målestasjonar set rekordar for høgaste temperatur i same månad. Det viser kor ekstremt varmt det var i juni, seier klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt.
Nye fylkesrekordar
Trøndelag har fått ny fylkesrekord for juni, med heile 34,3 grader på Værnes laurdag. Den førre rekorden var på 32,5 grader, og den blei sett på Høylandet i 2002.
Også Møre og Romsdal har fått ny fylkesrekord. I Tafjord kom temperaturen opp i 31,8 grader på laurdag. Den førre rekorden var på 31,6 grader på same stad i 1966.
Klimaforskar ved Meteorologisk institutt, Hans Olav Hygen.
Foto: Met.no– Varme vassmassar på veg inn frå sjøen, kombinert med eit høgtrykk, forklarar den ekstreme varmen midt i landet, seier Hygen og legg til at det også er snakk om litt tilfeldigheiter.
Rekordmange tropedagar i juni
Vi har hatt elleve tropedagar i juni, altså dagar med over 30 grader. Det er rekord for juni månad. Det nærmaste vi har vore dette var ni tropedagar i juni 2018.
– Vêret har verkeleg spelt på lag med oss. Denne gongen har det slått til for fullt og gitt oss varme dagar over ein lenger periode. Slikt blir det rekordar av, slår klimaforskaren fast.
Det har også vore åtte tropenetter i juni. Det vil seie at det er minst 20 grader på det kaldaste i løpet av natta.
– Det er ganske sjeldan med så mange tropenetter i juni. Og ikkje minst er det oppsiktsvekkande at det har skjedd så langt nord som Lurøy i Nordland, til og med fleire gonger, opplyser Hygen.
Juni 2020 ser foreløpig ut til å vere den varmaste nokonsinne målt i Noreg, men dei endelege tala kjem når månaden er over.