Hopp til innhold

Gladmelding frå meteorologen – nå kjem varmen

Dei neste dagane blir det ein ny runde med vårlege temperaturar i Sør-Noreg.

Blomster spirer i vårsola.

SPIRER OG GROR: Meteorologisk institutt melder om plussgrader dei neste dagane.

Foto: Roald Marker / NRK

Etter ein snørik vinter lengtar mange til bar asfalt, sol og varme.

Dei neste dagane kan du nyte nettopp det.

Allereie tysdag var det fleire som sørga for å få nokre etterlengta solstrålar.

Ruth Stokstad Nielsen nyter solstrålene i ein pause frå jobben i Porsgrunn.

Ruth Stokstad Nielsen nyt frisk luft og sol i ein pause frå jobben i Porsgrunn.

Foto: Roald Marker / NRK

Vekas beste dag

Austafjells får dei høgaste temperaturane torsdag, medan Vestlandet og Trøndelag får brukbar temperatur fleire dagar️.

Unni Nilssen

Statsmeteorolog Unni Nilssen melder om meir vårlege temperaturar dei neste dagane.

Foto: Kamilla Pedersen / MET

– Det blir høgare temperaturar Austafjells. Og det er særleg torsdag som blir best når det gjeld temperaturar, seier statsmeteorolog Unni Nilssen.

Det gjeld også Agder og Telemark.

Værvarsel torsdag 14. mars kl. 13

Vêrvarsel torsdag 14. mars kl. 13

Foto: Meteorologene

– Eg vil anslå ein 8–10 grader på dagtid på torsdag. Fredag går det litt ned, og då kjem det litt nedbør. Men det går ikkje ordentleg ned før laurdag.

Les også Sol gir energi og hjelper mot kreft – Lege rår å sjå mot sola to minutt kvar dag

Sol over Bodø by. Tatt fra en båt på havet med fjell i bakgrunn.

Minusgrader igjen

Dessverre for mange, kjem kaldlufta i retur til helga.

– Laurdag ser det ut til å gå ned på minussida, sjølv om det kan bli plussgrader på dagtid. Men det ser ut til å bli mest minusgrader på laurdag og søndag.

På Vestlandet og Trøndelag er det den same tendensen.

– For Vestlandet sin del ser det ut til at temperaturen går ned forbigåande for nokre dagar, og så kjem det tilbake igjen med meir vårlege temperaturar.

Påskeliljer i snø

Det blir varierande temperaturar etter kor du er i landet, melder meteorologen.

Foto: Roald Marker / NRK

I Trøndelag blir det litt kaldare, sjølv om det blir plussgrader på dagtid.

– Så blir det meir minus på natt, seier Nilssen.

Ho seier det blir litt varierande temperaturar etter kor du er i landet.

Farevarsel for snøskred

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for snøskred for store delar av Vestlandet onsdag.

På Sunnmøre og Romsdal er det liten eller moderat snøskredfare, medan faren på Vestlandet og i Langfjella blir karakterisert som stor.

Snøskredfare onsdag 13. mars

Snøskredfare onsdag 13. mars.

Foto: Meteorologene

I desse områda er det sendt ut oransje farevarsel, som er faregrad 3.

Det skriv Meteorologane på X, tidlegare Twitter.

Det er nedbør i desse områda som fører til snøskredfaren. Meteorologane ber folk unngå skredterreng og halde seg oppdatert på varsom.no.