Hopp til innhold

Ungdommar heng på kjøpesenter og blir utestengde: – Me vaksne blir utruleg sjokkert

Etter fleire år med «generasjon prestasjon», dataspeling og pandemi, er ungdommane no tilbake på kjøpesentera. I Trondheim har fleire blitt utestengd på grunn av uro, vald og trugande oppførsel.

UTESTENGD: Ungdommar blei utestengd frå Sirkus Shopping i Trondheim etter det dei beskriv som ei konflikt mellom to ungdomsgjengar.

– Det var sjokkerande at det skjedde, at politiet var her og at ungdommar på vår alder var sur og sint på politiet.

Det seier to ungdommar til NRK etter politiet to gongar på ei veke rykka ut til kjøpesenteret Sirkus Shopping i Trondheim.

Her brukar ungdommar senteret som opphaldsstad på fritida, og fleire klarar ikkje å oppføre seg.

Fem ungdommar har blitt utestengde frå kjøpesenteret i eit år. Av dei har to blitt meldt til politiet.

Butikktilsette har i etterkant forklart at de blei utsett for slag og spark.

Men kven er desse ungdommane? Og kvifor oppfører dei seg slik?

– Toler ganske lite

Ungdommar frå 12 år og oppover brukar kjøpesenter for å møtast.

Leiar for uteeininga i Trondheim kommune, Camilla Wright.

– Me vaksne må begynne å tenke at me skal tole meir og at det er ingen aleine sitt ansvar å få eit godt ungdomsmiljø, seier Leiar for uteeininga i Trondheim kommune, Camilla Wright.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Det fortel leiar for uteeininga i Trondheim kommune, Camilla Wright.

Det er ungdommar frå alle samfunnslag. Det er ungdommar som prøver å finne ein plass å vere, ein plass å høyre til.

Fleire stader i landet brukar ungdommar kjøpesenter til nettopp dette.

Wright fortel at ungdommar hang meir på kjøpesenter og andre offentlege stader på begynninga av 2000-talet. Etter fleire år med «generasjon prestasjon», dataspeling og pandemi, er ungdommane no tilbake på kjøpesentera.

Då blir me utruleg sjokkert. Me er ein vaksengenerasjon som toler ganske lite. Frustrasjonen blir ganske stor, veldig fort, seier ho.

Sirkus Shopping og busstopp

Kjøpesenteret Sirkus Shopping er eit knutepunkt for kollektivtrafikken i Trondheim. Her kan ungdommar møtast frå forskjellige bydelar.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Les også Ser fysiske endringer i hjernen til tenåringer som har opplevd pandemien

Tenåringsjenter trøster hverandre

Alti Tasta i Stavanger, Bystasjonen i Bergen og Jessheim Storsenter er blant kjøpesentera i landet som har opplevd liknande utfordringar som på senteret i Trondheim.

Dei opplev likevel at dei fleste ungdommane som no heng på kjøpesentera, oppfører seg.

– Men dessverre kan det av og til vere enkelte som øydelegg for andre med å lage støy og ikkje oppføre seg, fortel senterleiaren i Stavanger, Birte Wiinberg.

Vil skape drama

NRK har valt å la de to ungdommane som møtes på Sirkus Shopping vere anonyme.

Me heng her fordi me ikkje har så mykje anna å gjere og fordi det er kjedeleg å vere heime, forklarar 15-åringane.

Dei kjenner til gjengane som ikkje oppførte seg på kjøpesenteret.

– Dei vil ha merksemd og dei vil at det skal skje noko. Sidan det ikkje skjer så mykje til dagleg, så vil dei skape litt drama.

Les også Kaller Tiktok-trend ubehagelig: – Du blir påvirket uten at du vet det

What i eat in a day

15-åringane trur det ikkje er tilfeldig at det er nettopp her det skjer.

På kjøpesenteret er det fleire folk til stades. Det betyr fleire tilskodarar og fleire involverte.

For å få meir merksemd publiserer ungdommane videoar frå hendingane på TikTok.

– Det blir delt for at fleire skal sjå det. Det er jo ikkje noko anna grunn for å legge det ut enn for å gå viral då. For å få masse views.

Politiet utenfor Sirkus shopping

Politiet måtte rykke til kjøpesenteret i Trondheim to gongar på ei veke for å handtere ordensforstyrringar blant ungdommar.

Foto: Morten Andersen / NRK

Naturleg variasjon

Leiar for førebyggande avsnitt på Sentrum politistasjon, Jan Erik Mihle, fortel at denne typen oppførsel er ein del av den naturlege variasjonen i ungdomsgruppene i byen.

Dette til trass for fleire episodar same stad i løpet av ei veke.

Det er strøymingar som kjem og går.

– Sånn har det vore i alle år. Det er impulsivt og lite planlagt. Det er inga fare for oppblomstring, seier Mihle.

På begynninga av 2000-talet var ungdommane meir ute, fortel Camilla Wright i uteseksjonen i kommunen.

Og så plutseleg er det tilbake, og me vaksne klarar ikkje heilt å følgje med. Og då blir me utruleg sjokkert.

Dette får me til saman, men me må inkludere og ikkje stenge ute, seier Wright.

Les også Opprørsk motehandling eller resultat av hjemmeundervisning?

Gutt som trener i pyjamas-bukse

Samarbeider for å førebygge

Senterleiar ved Sirkus Shopping i Trondheim, Trine Foosnæs, ynskjer heller ikkje å ekskludere ungdommane, men har sett seg nøydd til å gjere det no.

Trine Foosnæs, senterleiar Sirkus Shopping.

– Ungdommane er eigentleg ikkje eit problem og me er veldig glad i alle ungdommane i Trondheim seier senterleiar på Sirkus Shopping, Trine Foosnæs.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Me ser ikkje på det som eit veldig stort problem. Det er nokre enkeltungdommar som har skapt utfordringar for oss, og som no er utestengde.

Ho håpar at ungdommar vil halde fram med å besøke kjøpesenteret og oppføre seg der.

Saman med andre kjøpesenter, vaktselskap, politiet og kommunen har dei laga ein strategi for å førebygge mot fleire slike hendingar.

Samarbeidsmøte hos Uteeinginga i Trondheim kommune

Saman med dei forskjellige kjøpesentera i byen, vaktselskap og politiet held Camilla Wright, leiar for uteeininga i Trondheim eit samarbeidsmøte for å førebyggje uønskt åtferd blant ungdommar.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Det blir viktig å vere til stades og ha hyppigare kontakt med ungdommane, fortel senterleiaren.

No håpar dei tidleg å kunne identifisere kven det er som skapar utfordringar, slik at det slepp å kome konsekvensar for andre enn dei det gjeld.

Kort sagt er det jo unødvendig at dei driv på sånn, berre for å få merksemd. Det finst andre ting dei kan halde på med, legg 15-åringane på Sirkus Shopping til.

Les også Unge sier de er villige til å spise bærekraftig – fåtallet vet hva det innebærer

Tomat på tallerken.