Hopp til innhold

På lag med folket

Sosialistisk Venstrepartis 1. kandidat i Nord-Trøndelag Trond Martin Sæterhaug likar å spele på lag med folk.

Trond Martin Sæterhaug
Foto: Vegard Jensvold

Under St. Olavsloppet i juli sprang han siste dagsetappen inn mot heimbyen Levanger på felleslaget for SV og Venstrepartiet i Sverige.

Det at Sosialistisk Venstreparti spelar på lag med folk flest blei også avgjerande for Trond Martin Sæterhaug då han skulle velje politisk ståstad. Første gong han stemte SV var det på grunn av kulturpolitikken og motstanden til EU.

– SV er garantisten for velferdsstaten. Partiet er oftast på fagrørslas side i kampen for rettferd og rettar i arbeidslivet, på kvinnerørslas side i kampen for likestilling, på miljørørslas side i kampen for miljøet og naturen og på fredsrørslas side når galskapen rår rundt i verda, seier Trond Martin Sæterhaug til NRK Trøndelag.

Miljøet i fokus

Dei neste fire åra vil Trond Martin Sæterhaug ha meir fokus på miljøpolitikken. Han meiner det må handlast raskare for å redde jordkloden.

– Politiske frasar og vedtak aleine er ikkje nok. Vi treng unge næringspolitikarar som kan skape ein klimadugnad på alle nivå. Eg vil kjempe for ein framtidsretta næringspolitikk som både løyser klimakrisa og skaper arbeidsplassar i distrikta.

Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnere?

– At det er muleg å få gjennomslag for SVs politikk.

Han samarbeider helst med Arbeiderpartiet og Senterpartiet, og helst ikkje med Høgre.

Nei til bomring

Trond Martin Sæterhaug er for bomringar kring storbyar som miljøfinansiering for å utbetre vegar og for å motverke rushtrafikk og auke bruken av kollektivtrafikk.

– Men eg er imot bomringar generelt i distrikta for å finansiere vegutbetring som bør betalast over skatteseddel og forbruk av drivstoff.

Meir eller mindre rovdyr i Trøndelag? Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

– Eg vil ha mindre bastante eller populistiske meiningar på begge sider slik at vi kan leve med løysingar for ein levedyktig bestand av rovdyr og reelle driftsvilkår for beitenæringane. Eg vil ha ein fornuftsbasert rovdyrpolitikk basert på bærekraftige bestandsmål som har tillit av både vernarar og næringar. Vi må ha meir effektivt uttak av rovdyr som utgjer ein trugsel mot folk og store tap av beitedyr. Fleire preventive tiltak må setjast inn før rovdyr blir slakta. Eg vil løfte fokuset og retten til større grad av lokal forvalting og innverknad i prosessane for å skape eit gjensidig ansvar for å trygge eksistensen av rovdyra og bøndene. Vi må sjå på bestanden i mellom Sverige og Noreg under eitt, seier Sæterhaug.

La folket avgjere

SV-politikaren er prinsippelt imot at kommunar i Trøndelag blir slått saman, men han set lokaldemokratiet og nærleiken til tenestetilbodet i høgsete.

– Det betyr at om kommunar gjennom til dømes lokale folkeavrøystingar ønskjer å slå seg saman, så skal dei få det. Eg meiner ordninga med samkommunar er ei betre løysing for kommunar som treng større samhandling av kommunale tenester, om dette vil styrke lokaldemokratiet og tenestetilbodet.

Send epost til Trond Martin Sæterhaug
Møt Trond Martin Sæterhaug på Facebook
Besøk Trond Martin Sæterhaugs heimeside
Følg Trond Martin Sæterhaug på Twitter