Hopp til innhold

Tore nominert til Årets "TV-namn"

Tore Strømøy og Tore på Sporet er nominert til "Årets TV-namn".

Tore Strømøy
Foto: Gøril Klemetsen / NRK

Det er vekebladet Se og Hør som kvart år kårar "Årets TV-navn".

Programleiar Tore Strømøy er ein av 24 kandidatar som er nominert.

– Eg syns alltid det er stas å bli nominert, ikkje minst i år då talet på kandidatar er meir avgrensa enn tidlegare, seier Tore Strømøy til NRK.

I vinden

Tore Strømøy er i vinden på alle platformer med Tore på Sporet. På NRK-bloggen har han over 230 000 treff og på Facebookgruppa si har han over 38 000 tilhengarar.

– Ein periode fekk vi mellom 500 og 1 000 nye tilhengarar kvar dag på Facebook-gruppa, seier Per Kristian Johansen som er med å drifte sida.

Tre prisar

Tore Strømøy har vunne prisen som "Årets TV-namn" tre gonger tidlegare. Prisane har komme etter ein sesong med Tore på Sporet.

– Det skader sjølvsagt ikkje programmet med ein slik nominasjon. Det betyr jo at mange liker det vi lagar, og verdsett jobben vi har gjort. Når du har jobba i tre år med ein serie, så blir ein glad for sånt, seier Strømøy.

Skriv alt sjølv

Det er Tore Strømøy sjølv som skriv alt på bloggen og Facebook. Han prøver å leggje ut to - tre nye saker på bloggen kvar dag. På Facebook er han også stadig innom og fortel kva som er nytt på bloggen.

– Legg eg ut en melding på Facebook kan eg ha 500 kommentarar på kort tid. Via dei nye sosiale medier sprer informasjonen seg som ringar i vatnet. Vi får ein utruleg direktekontakt med sjåarane på denne måten. Og det er jo gull verdt, seier Strømøy.

Fleire av tv programma Tore på Sporet har hatt over ein million sjåarar.

Førstkomande søndag blir det siste programmet i serien sendt på NRK1.

Desse er nominert:

  • Tore Strømøy - Tore på sporet, NRK
  • Ivar Dyrhaug - Beat for Beat, NRK
  • Christian Strand - I kveld, NRK
  • Marte Stokstad - Den norske humor, NRK
  • Jan Erik Larsen - Broom LIVE, TV2
  • Bård og Vegard Ylvisåker - Hvem kan slå Ylvis, TVNorge
  • Svein Østvik - Charterfeber, TV3
  • Håvard Tjora - Blanke ark, TVNorge
  • Tom Stiansen - 71 grader nord, TVNorge
  • Kristian Valen - Frokost-TV, TVNorge
  • Dorthe Skappel - God kveld Norge, TV2
  • Johan Golden - Golden Goal, TV2
  • Sturla Berg-Johansen - Norske Talenter, TV2
  • Katrine Moholt - Allsang på grensen og Jakten på kjærligheten, TV2
  • Jon, Linn og Knut - Nytt på Nytt, NRK
  • Triana Iglesias - Paradise Hotel, TV3
  • Fredrik Skavlan - Skavlan, NRK
  • Thomas Numme - Senkveld, TV2
  • Kristian Ødegaard - Skal vi danse, TV2
  • Linn Verndal - Himmelblå, NRK
  • Petter Pilgaard - Paradise Hotel, TV3
  • Eyvind Hellstrøm - Hellstrøm rydder opp, TV3
  • Per Sundnes, Melodi Grand Prix, NRK
  • Linda Eide - Norsk attraksjon, NRK