Den profilerte Trondheims-advokaten Christian Wiig (73) meiner at fallet utanfor restauranten skuldast blodtrykksfall.
Foto: Rita Kleven/NRKDet var i september i fjor at Wiig slo seg vrang på legevakta ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Ein tur på byen saman med kona enda med at Wiig gjekk i fortauet med andletet først utanfor ein restaurant og vart sendt med ambulanse til sjukehuset.
Statsadvokat fekk sjølv blodtrykksfall
Både legen og sjukepleiaren som behandla Wiig skal vitne i Sør-Trøndelag tingrett. Dei to er vitne for påtalemakta. Det same er politifolka som vart tilkalla til sjukehuset og måtte ta han med til arresten. Resten av dei 18 vitna er Wiig sine.
Statsadvokat i Nordland, Erik Thronæs.
Foto: John Inge Johansen / NRKStatsadvokat i Nordland, Erik Thronæs, har sjølv hatt blodtrykksfall og skal forklare korleis han var i den situasjonen.
Ein annan kjend advokat, Steinar Wiik Sørvik frå Kristiansund, skal fortelje korleis Wiig oppfører seg når han har drukke alkohol og om hjerneskaden Wiig fekk for nokre år sidan etter fall i alpinbakken på Oppdal.
Der har Wiig hytte og han har også innkalla fleire hyttenaboar som skal vitne om korleis forsvarsadvokaten reagerer på alkohol. Ein av dei er tidlegare politimeister i Vadsø og Romsdal, Per Bygland.
«Selvforskyldt rus»
Tidlegare politimeister i Vadsø og Romsdal, Per Bygland.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKForutan fastlegen, skal også ein overlege i nevrokirurgi vitne for Wiig. Det skal også spesialist i psykiatri, Michael Setsaas som skal gjere greie for følgjene av hjerneristing.
Vidare skal ambulansemedarbeidarane som henta Wiig utanfor restauranten, fortelje om tilstanden hans då. Wiig fører saka si sjølv retten og kjem til å nekte for at han var full. Før restaurantbesøket hadde han og kona vore på vinbar og drukke ei flaske kvitvin kvar.
Men siktinga går ut på at Wiig «i selvforskyldt rus» sparka eller slo etter helsepersonalet på legevakta.
Steinar Wiik Sørvik er ein profilert norsk advokat som skal vitne for kollegaen og venen Christian Wiig i Sør-Trøndelag tingrett.
Wiig fekk ei bot på 8 tusen kroner som han altså nekta å godta. I retten kjem aktor, statsadvokat i Hedmark, Thorbjørn Klundseter, til å legge ned påstand om at bota skal aukast til 9600 kroner fordi saka endar i retten. I tillegg må Wiig betale sakskostnader om han blir dømt.
Aktor Klundseter ønskjer ikkje å kommentere saka før den kjem for retten.