Hopp til innhold

Kjendisadvokat slo seg vrang på legevakta

Den profilerte Trondheims-advokaten Christian Wiig (73) må i februar møte i Sør-Trøndelag tingrett for ordensforstyrring på St. Olavs Hospital som enda i arresten. Wiig nektar å godta førelegget på 8000 kroner.

Christian Wiig, advokat

Advokat Christian Wiig

Foto: Bent Lindsetmo/NRK

Det var i september i år at Wiig og kona var ute på byen i Trondheim. Wiig seier til NRK at dei drakk ei flaske tysk kvitvin kvar, og deretter kvar sitt glas raudvin og champagne. Under middagen på restauranten skal Wiig ha vorte "fjern", slik kona hans har gjenfortalt det til han i ettertid.

Ho bestemte seg for at dei skulle gå, men på trappa utanfor ramla Wiig framover og trefte asfalten med andletet først.

Sidan Wiig blødde ein del og risikoen for hjerneristing og epileptisk anfall var til stades, vart ambulanse tilkalla og turen gjekk til St. Olavs Hospital. Her laga forsvarsadvokaten så mykje støy og oppførte seg på ein slik måte at legevakta fann det best å tilkalle politiet. Dermed enda Wiig i arresten på politihuset.

Eg er vorten fortalt at eg slo etter personalet på sjukehuset. Men eg hugsar ingenting frå og med midt i middagen på restauranten, seier Wiig.

Han meiner han ikkje var rusa og at fallet utanfor restauranten skuldast blodtrykksfall.

Christian Wiig

Christian Wiig (t.v.) er medforsvarar i ankesaka etter Lerdrapet. Den startar i lagmannsretten eit par veker før Wiig må i tingretten i si eiga sak etter ordensforstyrringa på legevakta i Trondheim.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Skal forsvare seg sjølv

Wiig meiner han vart så dårleg og redd som følgje av skadane at han ikkje visste kva han sa eller gjorde på legevakta.

Forsvarsadvokaten opplyser at han skal føre mange vitne i den to dagar lange rettssaka i Sør-Trøndelag tingrett. Og at han skal vere sin eigen forsvarar.

Korleis blir det?

Eg ville ikkje forsvart meg sjølv om det hadde vore ei alvorleg sak. Men her er det snakk om ei bot og då har eg ingen problem med å gjere det, seier Wiig.

Christian Wiig er kjent som fritalande og engasjert både i og utanfor rettssalen. Han har vore forsvarer i over fleire tusen saker og over 300 lagrettssaker, med jury. Fleire av sakene har vore mykje omtala, som Bjugnsaka og sakene mot Hells Angels.

På fritida er han ein ivrig alpinist, men i 2005 gjekk det ille. Han låg elleve dagar i kunstig koma med hjerneskade contusio cerebri etter fall i slalåmløypa.

Aktor frå anna distrikt

Det var Statsadvokaten i Trøndelag som bestemte at førelegget som politiet gav forsvarsadvokaten skulle sendast til retten etter at Wiig nekta å godta det.

Førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes har også valt å la kollegaen sin i Hedmark, Arne Ingvald Dymbe, aktorere saka i retten.

Soknes opplyser til NRK at dette ikkje skuldast inhabilitet, men at det ikkje er uvanleg at andre statsadvokatkontor fører saker i retten der lokale aktørar i politi og rettsstell er blanda inn.

Utover det vil ikkje Soknes kommentere saka.

Det vil heller ikkje setteaktor Dymbe i Hedmark.

Medisinsk mogeleg å ikkje hugse

Wiig har ikkje fritatt helsepersonellet for teieplikta. Om det vart tatt blodprøve av Wiig på sjukehuset veit derfor ikkje NRK. Heller ikkje kva dei medisinske undersøkingane av Wiig viste. Men aktoratet skal føre vitne frå sjukehuset som kan forklare seg om det dei opplevde.

NRK har snakka med fleire legar. Dei meiner det er mogeleg å misse minnet som følgje av blodtrykksfall og eventuell hjerneristing. Ved blodtrykksfall minkar tilføringa av blod til hjernen. Tilstanden kan oppstå akutt om ein til dømes reiser seg fort opp. Andre årsaker som gir mindre blod til hjernen og liknande symptom kan vere ein blodpropp i hjernen som utløyser eit lite drypp .

På fagspråket kallast det "Transitorisk iskjemisk attak" (TIA).