NRK Meny
Normal

Teikna inn familien i årets «Stomperud»

Juleheftet om den evige menig Stomperud er i år teikna av ein trønder, og både Steinkjersannan og teiknarens eigen familie dukkar opp i rutene.

Magne Taraldsen

Magne Taraldsen har teikna inn familie og venner i seriar før òg, og i Stomperud-historia får både sambuaren og dottera vere med.

Foto: Camilla Bilstad / NRK

Magne Taraldsen er opphavleg frå Inderøy, men bur no i Steinkjer.

Til vanleg jobbar han med teksting av tv-program, men har òg levert seriestripar til Egmont i fleire år som ein bigeskjeft.

Dette er første gongen han teiknar eit heilt hefte, og arbeidet starta i februar.

– Eg var ferdig med heftet tre dagar etter deadline i august, seier Magne Taraldsen.

Han sat altså med innspurten på juleheftet mens resten av Trøndelag sveitta seg gjennom den varme sommaren.

Lang tradisjon med Stomperud

91 Stomperud

Stomperud har kome som julehefte kvart år, bortsett frå eit par år under krigen. I jula i 1945 var han tilbake.

Foto: Faksimile

Juleheftet om Stomperud og dei andre i militærleiren er blant dei julehefta med lengst tradisjon. Allereie i 1938 kom det ut første gongen, etter at serien først hadde gått i Norsk Ukeblad.

Menig 91 Stomperud, med fornamn August, har rundt hovud, loddrette strekar til auge, spiss nase, store ører og ein karakteristisk lugg under bereten.

– Og tre fregner. Det er alltid tre fregner, seier Taraldsen.

Stomperud har ikkje forandra seg mykje. Det har vore nye teiknarar opp gjennom åra, men hovudtrekka er dei same.

Den militære graden er òg den same.

– Han er evig menig. Han har ikkje klatra oppover, sjølv etter 77 år i militæret, ler Magne Taraldsen.

Årets julehefte består av ei lang historie, med manus av Terje Nordberg.

– Eg fekk eit råmanus av han, og så teikna eg skisser som eg sende til Nordberg og redaktøren. Så gjekk vi gjennom kva som fungerte og ikkje fungerte, og gjorde små endringar, seier teiknaren.

Desse endringane var til dømes at det vart snø gjennom heile heftet, og ein julevri på slutten.

Lura inn Steinkjersannan og sambuaren

Ein heilt spesiell vri på dette Stomperud-heftet er at teiknaren har lura inn familien i nokre av rutene.

– Eg har lagt inn kjentfolk i teikneseriar før også, og her har eg teikna inn dottera mi og sambuaren min. Dei som kjenner oss, skal klare å finne dei, seier han.

– Kva seier sambuaren om det?

– Ho toler det. Det som er verre, er kanskje at det blir harselert ganske kraftig med svenskane i dette juleheftet. Ho er svensk, smiler Taraldsen.

I den aller første ruta i årets julehefte om Stomperud er det klart for litt Steinkjer-nostalgi.


– Det er aldri forklart kor militærleiren der Stomperud tenestegjer, ligg. Eg tok den militærleiren eg kjenner til, nemleg Steinkjersannan slik den såg ut før nedlegginga, seier Magne Taraldsen.

Stomperud

Også Steinkjersannan er teikna inn i historia om Stomperud. Her ser vi kinobrakka, vakta, skilderhuset og starten på treningsløypa.

Foto: Camilla Bilstad / NRK

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Det er julebordstid, og uhell kan skje, skal vi tro tannlegene...
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.