Hopp til innhold

Malek fra Syria: – Ikkje overraska over terrorplanane mot Noreg

Malek Jandali frå Syria har sjølv blitt terrorisert av Syria-diktator Bashar al-Assad. No er han på Olavsfestdagene i Trondheim for å gi stemme til dei syriske barna.

Malek Jandali

DET ER BETRE Å LAGE MUSIKK ENN Å DREPE: Det er slagordet til Malek Jandali frå Syria. Musikken hans handlar om fred, kjærleik og harmoni for syriske barn.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

– Eg vitja ein flytningeleir i Syria. I augo til barna såg eg heilt enkelt kjærleik og håp om rettferd og fridom. Det vart ei viktig hending i livet mitt, og inspirerte meg til å komponere musikk.

Malek Jandali er sjølv frå Syria, men bur no i USA. Han besøkjer Trondheim i samband med Olavsfestdagane.

Måndag 28. juli kl. 17.00 held han konsert på Dokkhuset.

– Etter at eg var i flyktningeleiren, laga eg ein symfoni, ein fiolinkonsert og dette prosjektet eg held på med no. Prosjektet er ein verdsturné og tittelen er "The Voice of the Free Syrian Children" (stemma til frie, syriske barn).

Terrorplanane mot Noreg gamalt nytt

Jandali har høyrt om terrorplanane mot Noreg. Det kom ikkje som noko overrasking på han.

– Når eg framførte verka mine i Washington D.C. i USA, sendte diktatoren folka sine til foreldra mine. Dei vart overfalt og banka opp - berre fordi eg spelte musikk!

(artikkelen held fram under biletet)

Olavsfestdagane

TERRORVAKT: Etter at terrorplanane mot Noreg vart kjende i førre veke, kan ein sjå væpna politi i gatane. Her heldt dei vakt under opninga av Olavsfestdagane laurdag 26. juli.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

– Diktatur er kjelda til terrorismen. Diktatoren i Syria gassar ihjel og drep barn. Han er imot alt som er venleik og sanning i verda, mot musikk og mot journalistar, seier Jandali.

–Folk flest i Syria er fredelege folk som ynskjer å bli kvitt diktaturet. Dei ynskjer å vere ein del av verda!

Slik kan nordmenn hjelpe barn i Syria

I følgje UNICEF er 17.000 barn drepne i Syria, fortel Jandali.

– Eg ber dykk, publikum, om å gjere det de er moralsk forplikta til: å gjere kva som helst for å redde eit barn. Me må sameine oss for fred og rettferd.

– Nordmenn kan hjelpe ved å kome på konserten min, støtte Olavsfestdagane, støtte organisasjonar som gjev pengar til syriske flyktningar, sende brev til politikarane. Gjer kva du kan!