Hopp til innhold

9 av 10 ordførarar vil ikkje innføre kjøtkutt i sine kommunar

Dei fleste ordførarane i Noreg bles i råda frå Helsedirektoratet og Miljødirektoratet. Dei vil ikkje redusere bruken av raudt kjøt ved kantiner og sjukeheimar.

Borgny Grande, ordfører i Grong kommune.

VIL HELLER SERVERE KORTREIST MAT: Senterpartiordførar Borgny Grande meiner raudt kjøt frå Noreg har eit ufortent dårleg rykte.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg/NRK

I januar i år sa statsminister Erna Solberg at regjeringa har som ambisjon at vi skal ete mindre raudt kjøt i Noreg framover.

Men berre 6,4 prosent av norske ordførarar ønskjer å redusere bruken av kjøt i kantiner og sjukeheimar i sin kommune.

Det viser ei stor ordførarundersøking NRK har gjort i forkant av haustens Stortingsval.

88 prosent av landets ordførarar har svart i undersøkinga.

– Kan servere fisk i staden for kjøt

Helsedirektoratet anbefaler å avgrense mengda av kjøtdeig, pølse og raudt kjøt til 500 gram per veke. Det svarar til to til tre middagar og litt kjøtpålegg.

Jordbruk står for 8,8 prosent av klimagassutsleppa i Noreg, viser tal frå Miljødirektoratet.

I Klimakur 2030, ei fagleg utgreiing, som vart laga på oppdrag frå regjeringa, peiker Miljødirektoratet på at det største potensialet for kutt i utslepp frå landbruket er gjennom endringar i kosthaldet og mindre matsvinn.

Sjekk klimaet der du borSøk etter din kommune

Eit av Miljødirektoratets sine føreslåtte tiltak er at vi ikkje bør ete meir kjøt enn Helsedirektoratet meiner er sunt, og erstatte resten av kjøtet vi et med plantebasert mat og fisk.

Likevel vil altså dei fleste ordførarane i Noreg ikkje kutte i forbruket av raudt kjøt i kommunen sin. Borgny Grande i Grong (Sp) i Trøndelag er ein av dei.

– Vi er opptatt av at både eldre og unge får eit variert kosthald, og eit naturleg kosthald der raudt kjøt er ein viktig del av det, seier ho.

Rødt kjøtt
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Rana kommune, er ein av dei som ber kantiner og institusjonskjøkken om å servere noko anna enn raudt kjøt ein dag i veka.

– Kjøtfritt alternativ betyr også at vi kan servere fisk i staden for kjøt, seier ordførar Geir Waage (Ap).

Fleire har ikkje forsøkt å kutte i kjøtbruken

Eit stort fleirtal av ordførarane svarar at kommune verken har sett i gang tiltak eller lagt nokon plan for å kutte i forbruket av raudt kjøt ved kommunen sine kantiner og sjukeheimar.

Oslo kommune er blant dei som skil seg ut.

Der har byrådsleiaren underteikna ein avtale med fleire andre storbyar i verda. Dei er samde om å handle mindre kjøt til sine kantiner.

Bakgrunnen er at FNs klimapanel har slått matalarm: Kutt i utslepp frå bilar og fabrikkar er ikkje nok for å nå klimamål. I Oslo er målet å halvere kjøtet i kantiner og institusjonar innan 2023.

Ser på kjøtfrie måltid som ein del av kommunen sin visjon

Ordførar Waage meiner det å kutte i kjøtforbruket er ein naturleg del av Rana sin visjon «Noregs grøne industrihovudstad – framtida er fornybar».

– I eit sånt perspektiv er det å tilby eit kjøtfritt alternativ i kantiner og institusjonskjøkken ein gong i veka ein del av den totale samanhengen.

Rådhuset har også ein kjøtfri dag i si kantine.

Kjøper du kjøtfri mat?

– Eg gjer det ja, svarar Waage.

Rana-ordfører Geir Waage.

ET KJØTFRI LUNSJ MINST EIN GONG I VEKA: Rana-ordførar Geir Waage (Ap).

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Borgny Grande meiner det er klimavenleg å ete raudt kjøt frå norske dyr som beitar på gras og kratt og tar jorda i bruk.

– Å bruke norsk kjøt produsert på naturen rundt oss er eit viktig klimagrep, seier ho.

Ordføraren meiner det å servere meir kortreist mat er betre for klimaet, enn å redusere bruken av raudt kjøt.

– Eg trur ikkje ein avokado frå Brasil er så mykje meir miljøvenleg og klimavenleg enn kjøt produsert på råvarer rett utanfor døra her, seier Grande.